torsdag 23. desember 2010

Sildesalat

Mange tykkjer sild høyrer jola til. Eg er einig (men tykkjer sild er godt året rundt), og lagar sildesalat til jol kvart år. Det er enkelt, og kjempegodt på skiva til jolefrukostane. Eg har i:

1 beger lettrømme
1 pose lettmajones
1 glas apetittsild
1 purre
4 hardkokte egg
Sylta raudbetar

Bland majonesen og rømmen godt. Skjer opp silda, purren, egga og raudbetane i høvelege bitar og bland det oppi dressingen. Skikkeleg kjapt med andre ord. Eg var nesten tom for raudbetar då eg laga salaten på biletet, og fekk ikkje den flotte rosafargen som salaten brukar å ha. Men han smakte godt likevel!

onsdag 22. desember 2010

Fett! Delfiakake!

Det er jol berre ein gong i året, så kvifor ikkje unne seg ei kaloribombe av dimensjonar? Delfiakake er ein joleklassikar, og den klart feitaste kaka eg veit om. Enkel å lage er ho og.

Du treng:

2 plater kokesjokolade
1 pakke Delfiafeitt
Kakekjeks som t.d. Per-kjeks
2 egg
2 ss sukker
4 ss sterk kaffi
Geletoppar, seigmenn eller liknande

Smelt sjokoladen i kaffien. Visp eggedosis av egg og sukker. Smelt feittet. Ha sjokoladen i eggedosisen medan du vispar. Ha forsiktig i feittet medan du framleis vispar. No har du ferdig kakerøre. Legg røra lagvis med kjeks og legg seigmenn og geletoppar rundt om kring i kaka. På toppen har du seigmenn og geletoppar, så let du kaka stivne. No er du klar for å legge på deg.

tirsdag 21. desember 2010

Marsipan!

Til jol høyrer det sjølvsagt snop med, og marsipan er jo ein klassikar. Heimelaga marsipan eignar seg dårleg til å lage figurar av eller ha på kake, men til gjengjeld eignar han seg framifrå til å ete. I fjor sa far min at marsipanen eg hadde laga til jol var "den beste marsipanen han hadde smakt nokon gong". Dette seier litt, for far min elskar marsipan meir enn byfolk elskar hyttene sine (dette med at byfolk elskar hyttene sine er noko far min seier. Han meinar at byfolk elskar hyttene sine, og at dei dreg dit i helgene for å drikke).

Nuvel. Å lage marsipan er enkelt. Det tek litt tid, men det er verkeleg ikkje vanskeleg. Det første ein må gjere er å skålde mandlar. Det gjer ein ved å koke mandlane i (drøyt) 5 minutt. Så slår du vatnet av og gnir skalet av med fingrane. Så skal mandlane tørke, la dei gjerne ligge til dagen etter (eg sa jo at dette tok tid). I mellomtida kan du lese denne digresjonen: For å sjekke eg ikkje skreiv noko feil vedrørande skålding av mandlar tok eg og googla det med søkeorda "skålde mandler". Og trur du ikkje google er så frekk at han (?) spør meg om eg meinar "skolde mandler"? Nei sjølvsagt meinar eg ikkje det, men eg måtte sjekke lenka, og jaggu var det mange treff på "skolde mandler", du. Men "skolde" er ikkje eit ord. For å vere på den sikre sida sjekka eg både norsk- og bokmålsordlista, og det heiter "skålde" på begge målføre gitt. Eg kjenner på meg at folk er kørka. Men uansett; jævlig frekt av google å insinere at eg er den som skriv feil. Ikkje at eg skriv perfekt, det finst sikkert skrivefeil som ikkje er tastaturbaserte i denne bloggen og, men skolde? Jaja, tilbake til marsipanen. Det er ikkje mange ingrediensar.

Mandlar
Melis
Eggekvite
Tragant

Bruk like deler mandlar og melis. Til dømes 250 gram mandlar og 250 gram melis. Mal dei skålda mandlane i mandelkvern. Best resultat får du om du gjer dette to gonger, altså mal den oppmalte massen. Bland saman malte mandlar og melis, og ein knivsodd tragant. Tragant er eit naturleg gummistoff (pulver) ein har i for at marsipanen skal bli litt seig. Du får kjøpt det på apoteket og det kostar 50 kroner og varar evig. Med mindre du lagar marsipan veldig ofte då, men det er det ikkje så mange som gjer. Ha i eggekvite. Prøv deg fram, det trengst mindre enn du trur. Eg trur brukte ei kvite sist, men kan hende treng du mindre eller meir. Arbeid inn eggekvite til du har rett konsistens, og voila -du har marsipan. Den kan smakssetjast med det du likar. Då vert han gjerne veldig klissete. Eg likar sitrusskal eller konjakk og dyppa i sjokolade. Når du smeltar sjokolade må du passe på at han ikkje vert for varm og at du ikkje får vatn i, for då vert han kornete. Du kan ha litt delfiafeitt i smeltinga for at sjokoladen skal verte lettare å jobbe med. Marsipanen kan sjølvsagt også nytast naturell. Mmmm. Ein gong laga eg forresten marsipan med Splenda. Det gjekk an, men vart sjølvsagt ikkje like godt som med sukker.

lørdag 18. desember 2010

Jol! Yeah!


Det har stått litt på hovudet no mot semesterslutt, men no skal eg endeleg byrje på jolematen! Småkaker og sånt interesserer meg lite, og det vert ikkje sju sortar til jol her i huset (men så er no berre to, og då). Her ein dag hadde me ribbe til middag, for den er jo så billig no om dagen. Eg brukte remakokken si oppskrift, men det tok jævli lang tid, då eg ikkje har varmluftsovn. Eg gidd ikkje dra til med ei ribbeoppskrift no, men eg har eit tips til deg som skal rute svor og ikkje har ein tilstrekkeleg kvass kniv til rådigheit (dette tipset fordrar rett nok at du er sånn hobbyperson eller liknande og har reiskapen liggande). Det gjekk fint å rute svor med papirkniv (40 spenn med utskiftbare blad i hobbybutikk). Reknar med skalpell og vil gjere susen! Kaking går eg ikkje i gang med før måndag. No er det laurdag, og jolaftan er ikkje før fredag. Leeenge igjen med andre ord.

Matvrak som restaurantmeldar og ei oppskrift

Eg har ikkje kome i gang med joleførebuingane enno, så dei som ventar på kakeoppskrifter oog slikt må smøre seg med tolmod ei lita stund til til. Nett no er det slik at eg har litt tid å slå i hel, og det gjer eg på kantina på jobb, noko som fekk meg til å tenkje på at eg tidlegare har fantasert litt om å melde resaurantar og kafear og slikt. Dei stadene eg har råd til å frekventere er nok ikkje frå øvre sjikt, så eg samanliknar gjerne med det eg kjenner best, nemleg mi eiga kokkelering. Når eg et på ein kafe tenkjer eg automatisk -"kan eg gjere dette like bra eller betre?" Ofte er svaret ja, sjølv om eg ikkje har noko kokkeutdanning. Likevel kan eg rettferdiggjere dette med at maten eg lagar til Mannen, meg sjølv, min familie og mine vener er laga med omtanke og eit håp om skryt. Kafekokken kjenner ikkje meg, og gjer truleg blanke i om eg likar maten hans eller ikkje, så lenge han får betalt. I dei få tilfella eg et på ein "dyrare" (men ikkje så dyr) restaurant stig forventningane, og eg reknar med at kokken skal klare betre enn meg. Skuffelsen er desto større dersom maten er keisam eller ekkel. Då tykkjer eg det er dritfrekt kor grovt dei tek seg betalt for mat eg kunne laga betre sjølv, særleg om servicen er ræva den og. Når eg no skal melde resaurant(ar) er derfor det første kriteriet; Kan eg gjere dette betre sjølv? No veit eg ikkje om dette vert eit fast segment i Mat eg lagar, men eg tenkte byrje med den næraste, nemleg den eg sit i: Kantina på Haukeland Universitetssjukehus. Då Bergens Tidene melde kantina for ei tid tilbake fekk ho karakteren 3. Fortener ho det? Eg tenkjer eg lagar ei liste med kriterier med karakter på kvart og ein samlekarakter til slutt. Eg nyttar sjølvsagt det populære 6-karaktersystemet (men kallar det ikkje terningkast)

Kan eg klare dette sjølv?/Mat: I aller høgste grad. Kokkane på Haukisen imponerer ikkje med smakfulle eller delikate rettar. Sjølv pizza eg keisamt her, og (som eitt av mine motto seier) "det er grenser for kor dårleg mat med smelta ost kan vere". Eg skjønar at maten på eit sjukehus må falle alle i smak, men det tyder vel ikkje at maten ikkje kan ha nokon. Maten treg ikkje verte sterk sjølv om ein nyttar krydder, og ein må ikkje koke pastaen til graut for at alle skal kunne ete han (dei tannlause får ev. få graut). Ein gong kjøpte eg ein komlemiddag, og "saltkjøtet" som følgde med smakte tunfisk. Eg hadde ikkje blitt forundra om det faktisk var tunfisk. Eg kan diverre ikkje gå opp ein karakter berre fordi dei har ein god rett på menyen, nemleg gyros, som eg kjem med oppskrift på lenger nede. Karakter 1.

Pris: Ryktet seier at då kantinematen framleis var billig på Haukeland var det mange pensjonistar som drog hit ei eins ærend for å ete middag. Dermed måtte prisane gå opp, og dei tilsette få ein eigen rabatt på middag (som dei også får på brød og pålegg). Rabatten er ikkje all verdas, og gjeld t.d. ikkje for anna varm mat enn middag, som for eksempel gyrosen, som no er oppe i 65 kroner. Det er det samme som prisen på ein rullekebab, og gyrosen er berre halvparten så stor. Kort sagt er maten jævlig dyr til å vere ei sjukehuskantine som også fungerer som personalkantine. Kantina er eit offer for sparinga i helsesektoren, og stenger no klokka seks om ettermiddagen, og har ikkje lenger råd til å ha ein frityrkokar til pommes frites som pleide å inngå i ein hamburgermeny i hine hårde dagar då Haukisen framleis hadde råd til å ha ope i kantina til 10. Karakter 1.

Service: Haha! Ein kan no ikkje nett klage på servicen, han er som forventa i denne typen etablissement, men du har no ein del karakterar som jobbar her, då. Ho med augeskuggen og ørnenasen med den skitne senebetennelse-bandasjen som sat i kassa før (men ho er sikkert pensjonert no) sa ein gong til meg då eg kom i kassa for å betale ein kiwi "Har vi sånne her?" Eg tykkjer no slikt er kosteleg! Karakter 3

Hygiene: Nei. Det er ufyseleg her. Småfuglar som kjem inn i kantina, og mygl i salatbaren kan ikkje tolererast. Karakter 1 (Bilete av småfugl i kantina er rappa frå Nrk.no)


Miljø: Kantina er no som kantiner flest, litt keisam, men om sommaren, på ein godversdag kan du sitje ute på taket og sjå og høyre på sjukepleiar- og medisinstudentar, som kan vere både underhaldande og irriterande. Karakter 3

Samanlagt karakter: 2 (eller eigentleg 1,8). Jaja, det vart ikkje botnkarakter slik som eg hadde trudd, men det er vel fordi ein ikkje har så høge forventningar til kantina som sjanger.

Oppskrift:
"Den gode retten i Haukelandskantina" eller gyros
Eg brukte pitabrød, så det vert jo litt annleis då, men eg tippar ein får tak i ei sånn lefse som dei brukar på Haukeland i ei innvandrarsjappe eller noko. Eg tykkjer ikkje det er så nøye heller, for smaken ligg i sausen.

Du treng:

Pitabrød
Kjøt (Storfe- eller lammekjøt er nok best, eg har prøvd med svin eing gong, men det vart ikkje så godt, men det er no smak og lommebok som avgjer)
Agurk
Tomat
Løk
Ev. andre grønnsaker du likar
Matyoghurt
Kvitløk
Krydder (eg har ei krydderblanding som heiter Urtegård. Den var midt i blinken, elles kan du lage din eigen miks, med t.d. basilikum, oregano, merian, salt, pepar, koriander, paprika, meriam timian og liknande)
Salt
Olje

Varm pitabrødet. Skjer opp grønnsakene til passe storleik til å legge oppi
pitabrød. Skjer kjøtet i høvelege bitar og steik det. Lag saus slik: Fres litt kvitløk og krydder i ein skvett olje. Ha i matyoghurt og varm dette opp i lag. Ikkje kok yohurten lenge. Putt grønnsaker, kjøt og saus i, og voila du har Haukelandskantina sitt glansnummer heime, og truleg til ein rimelegare penge!

søndag 24. oktober 2010

Viva España!

For første gong sidan eg starta Mat eg lagar har eg vore på reise. Turen gjekk til Spania, nærare bestemt Barcelona i Katalonia. Katalanarane vil nok ikkje blitt begeistra dersom dei visste at eg skreiv at eg var i Spania og nytta overskrifter som "Viva España", men dei forstår katalansk og ikkje nynorsk, så eg gir blaffen, for eg hadde tenkt å poste denne videoen uansett:



Det gjort er det på tide å skrive noko om mat, sidan det er det eg syslar med her. Med meg frå Spania har eg iberiaskinke, safran og manchegoost og litt fleire fine matar som trøffel, foie gras av and (betre enn av gås, spør du meg) og chorizo og nokre fleire skinkesortar. Eg gledar meg naturlegvis til å ete og bruke av den luksuriøse maten, men det eg tenkte å skrive om i dag er maten vi fekk servert på restaurant i Barcelona. Eg tok nokre bilete, men av og til gløymte eg det. Det gjer i grunnen ingenting, for det er no kanskje litt begrensa kor spanande det er å sjå eit bilete av mørbradbiff med friterte poteter, tapenade og ein steikt tomat, uansett kor perfekt steikt han var.

Eg veit ikkje så all verdas om spansk mattradisjon, anna enn at dei har god skinke og tapas, produserer olivenolje og vin, slikt som som alle veit. Men vi fekk ei lita innføring i måltidsskikkar av guiden/læraren, så eg kan fortelje litt av dette. Diverre fekk eg ikkje med meg om dette gjaldt spanjolane generelt eller berre katalanarane, men pytt.

Frukost:
Læraren sa at frukost ikkje var særleg til måltid i Spania, men at ei stort sett tek med seg noko frå ein kiosk eller eit bakeri i handa på veg til jobb. Men vi fann ut at det fanst kafear der folk sette seg ned for å ete frukost. Ein stad vi åt hadde dei sandwichmeny der det sto mellom anna "kalvemuffin". Kalvemuffinen var eit slags stort rundstykke med ei skive steikt kalvefilet inni, med noko tapenade på. Det var godt, men ikkje det eg tenkjer på som ein typisk frukostrett. Meir ein lunsj, trur eg. Konsumerte med kaffi.

Lunsj:
Heiter siesta, og varar i to-tre timar(!). Lunsjen vert fortært på kafe, og er gjerne tre rettar (!). Vi åt ein slik trerettars lunsj kvar dag i løpet av opphaldet, og det var her vi fekk servert mest mystisk og godt. Av og til ufyseleg, som denne suppa som var forrett til ein keisam svinesteik med pommes frites utan saus (dei hadde heldigvis ketchup). Suppa var spaghettibitar kokt lenge i tynn hønsebuljong, med nokre smaklause skinkebitar og litt egg.

Svinet såg slik ut, og herlegdommen vart servert med rikeleg med billig raudvin med plastkork, og valfri dessert til slutt. Eg valde kaffi. På kafeane vert lunsjen servert som ein trerettars meny til ein fast pris frå ca 50 kroner og oppover. Ein kan gjerne velje mellom tre forrettar, tre hovedrettar og tre dessertar (det kan vere fleire enn tre, det er berre eit døme) eller kaffi, og inkludert i menyen er eit glas valfri drikke eller som i dette tilfellet, ei flaske. Alt til den nette sum av ca 55 kroner (nesten åtte euro).

Ein annan dag fekk eg servert ei slags sjømat- og potetform, men den var kald og det trekte ned. Forretten til denne var ei litt keisam kokossuppe. Den fekk meg til å ville lage ei litt meir spenstig kokossuppe sjølv, så det er berre å følge med, når eg har eksperimentert litt kjem det nok ei oppskrift.

Det snodigaste eg åt på turen var nok den særeigne varianten av surf & turf siste dagen vi skulle sove der. Nemleg kaningryte med sniglar. Eg valde denne frå menyen fordi eg likar både kanin og snigle og fordi det var den raraste kombinasjonen eg har sett på ein restaurantmeny nokon gong. Men det var godt, absolutt, sjølv om eg ikkje nett kjem til å snikre denne retten i mitt eige kjøken.


Til slutt må eg berre nemne desserten eg fekk ein dag eg ikkje var stappmett. Etter to rettar av lunsjmenyen var eg som regel for mett til å ete noko dessert, men denne vart konsumert etter ein lett tapasmiddag, nemleg gin&tonicgele. Det var rart å få spritgele på restaurant, Det er gjerne noko ein forbind med fjortisparties. Men det var iallefall ei lita kule med frisk sitrussobet på toppen. Den var god.

Middag:
Middagen vert stort sett konsumert heime ganske seint på kvelden. Det er etter jobb (dei er sjølvsagt seint ferdige med så sein lunsj), før middag at spanjolane et tapas. Den fungerer som visstnok som ein apetittvekkar før middag, og vert eten med eit glas vin eller ein øl på tapasbar. Tapasen kan vere eit stykke skinke, litt ost eller oliven eller noko sjømat og så vidare. Spanjolane går gjerne ein liten barrunde og et tapas og drikk, men som turistar vil vi gjerne sitje på vår breie bak og ete i fred og ro. Vi prøvde å ete tapas som eit middagsmåltid ein kveld, og det var godt og vi vart mette, men det var jo eit helvete å få delt rekninga.

No giddar eg ikkje skrive meir, html-kodinga tek knekken på meg, men eg kjem attende med oppskifter ein annan dag. Hej så länge.

søndag 3. oktober 2010

Scones

Det var søndag morgon og vi ville ha noko godt til frukost, men utvalet i kjøleskåpet var heller magert, men syltetøy hadde vi, så eg foreslo å lage scones til frukost, så kunne vi ete dei varme med syltetøy på. Det er så raskt å lage scones, det tek berre så lang tid som steikeomnen brukar på å bli varm, pluss ti minutt til steiking. Oppskrifta har eg rappa frå "Gyldendals nye store kokoebok" (som rett nok ikkje er så ny lenger), er til to store (litt salte) firedelte scones. Du treng:

4 dl kveitemjøl
1 klype salt
1 klype sukker
2,5 ts bakepulver
50 gram smør
2 dl mjølk


Bland dei tørre ingrediensane, og smuldre smøret grundig inn i mjølblandinga. Bland kjapt i mjølka, og vips, så har du deig. Form deigen til to kaker (tjukke og flate), men ikkje driv å elt og kna på deigen først (berre reguler med litt mjøl om nødvendig). Legg kakene på bakepapir på steikeplate, og skjer eit kryss i med ein kvass kniv. Steik i 10-12 minutt på 250°C. Engelskmenna er ansvarlege for opphavet til denne baksten, og serverer scones til high tea, med krem og syltetøy eller lemon curd på. Elles må eg orsake det fæle biletet, eg hadde berre mobilkamera, med det resultat at baksten ser svidd og fæl ut. Det var han ikkje, og han smakte framifrå.