torsdag 19. juli 2012

Nei, nei, nei!

Ok, eg veit ikkje om nokon gidd lese dette, eg forstår at folk fell av lasset når det går eit halvt år mellom postane, men eg har noko på hjartet som eg må dele med dykk, og det er korleis ein ikkje skal drive restaurant.

Her om dagen skein sola, byen var varm og klam, men som det seg hender vert ein svolten likevel. Kvar er det fint å gå på ein varm sommardag, tenkjer ein, og tenkjer på fine uteserveringar. Kan hende tenkjer ein på å gå på Verftet, der det er stor uteservering, kjempefin utsikt, lett vind frå sjøen og lovnader om topp stemning. Dette tenkte eg og mine to svoltne vener denne varme ettermiddagen, og sette kursen mot Usf verftet og uteserveringa på Kafé Kippers.

Denne ettermiddagen midt i veka var ikkje kaféen meir enn litt over halvfull, og me fekk oss eit bord med parasoll. På menyen hadde dei tre hovedrettar og ei lengre liste med smårettar, og to dessertar. Den eine svoltne venen valde hovedretten med steinbit, sjølv gjekk eg for hamburgeren, som også var ein av hovedrettane, og tredjemann bestemte seg for retten "snack" frå lista med smårettar.

Etter at vi hadde bestilt var det berre å setje seg å vente. Og vente. Og vente. Og vente. Og vente. I over ein time. Då vi var på veg inn for å (ein må bestille inne ved disken) for å høyre kva det var som tok så lang tid var maten endeleg på veg. Iallefall mesteparten av han. Med snackretten var det skryt i menyen om det gode brødet som skulle følge med fatet med spekeskinke, god ost og oliven. Dette hadde servitøren ikkje teke med til bordet, og då kafégjesten spurte etter det spurte han sløvt om han ikkje hadde teke det med? Eg meinar: Makan! Då hadde vel ikkje gjesten spurt!? Brødet dukka då omsider opp, og snackretten var jo god.

Det samme gjaldt for øvrig steinbiten. Den smakte godt, men å kalle det ein hovedrett ville vere å ta for hardt i. Den besto av eit passeleg stykke fisk med saus på. Og det var nærast det. Litt potet, bittelitt grønt ved sida av, men veldig lite. Eg angrar på at eg ikkje fotograferte denne retten, for den var nærast ein vits, det var så lite mat. Veninna mi vart skuffa, men ikkje mett.

Biletet er frekt stole frå sib.no inntil eg skaffar mitt eige.
Og hamburgeren? Ja den var kald. Eg trur nok ikkje vi hadde mangla samtaleemne sjølv om servicen ikkje hadde vore så slett, men det kjekkaste med å ete på Kippers var nok å snakke stygt om dei tilsette. Som om ikkje servicen var ille nok opplevde eg at dei som jobba der byrja å krangle seg i mellom då ein mann kom inn for å klage på at han og følget hans hadde fått maten sin med eit sånt tidsinervall at nokon var ferdige å ete då dei andre fekk maten sin. Det å byrje å krangle framfor gjestene er pinleg og uprofesjonelt, og nokon burde ha gitt denne håpluse gjengen ein oppstrammar. Eg lurar på korleis dei hadde takla det om uteseveringa og kafeen hadde vore full.

Etter at vi hadde ete den vesle og kalde maten vår kom det to ulike servitørar bort til bordet vårt med dessert vi ikkje hadde bestilt og spurte om han skulle til vårt bord. Sånn i ettertid tenkjer eg at me berre skulle ha svart ja.

mandag 13. februar 2012

Matskattar

Her i går var eg saman med skulen på ein ekspedisjon rundt om på gardar i bergensområdet for å sjå på lokale matprodusentar. Turen gjekk mellom anna innom gardsbutikken på Stend, som er heilt fantastisk. Dei har ein del eigenproduserte varer, men sel også lokalprodusert mat frå ymse stader i Hordaland. Eg måtta sjølvsagt handle litt, og på (det dårlege) biletet ser du ost frå Krokeide, Nylagte egg frå Stend, ramslaukpure frå Øystese samt urtesalt og ein liten, kvass chilisjokolade (kjempegod!). I tillegg har dei mykje kjøt, frukt og grønnsaker, hermetikk, saft og syltetøy, sjokolade, frø og sikkert ein heil del eg ikkje fekk med meg. Dei har til og med økologisk iskrem. Eg hadde ikkje høve til å prøve den i denne omgang, men håpar at sjansen byr seg ein annan gong. For dei som er optekne av berekraftig og økologisk mat er denne butikken eit "must", men eg vil anbefale alle som likar og er opptekne god mat å ta seg ein tur. Matvrak (an)befalar!

Fylt ytrefilet

Eg fann ein sånn First price ytrefilet på butikken. Han vog ein 6-700 gram, og eg tenkte: "Kva kan eg gjere med deg slik at du blir awesome? Eg trur eg skal lage hol i deg og fylle deg med noko digg". Mange steilar kanskje når dei ser First-pricemerket, men med god omsorg og rett stell kan det billige kjøtet bli skikkeleg godt. For det første så må ein ta kjøtet ut av kjøleskåpet i god tid før ein skal tilberede det. Eg tykkjer kaldt kjøt vert gruelig seigt om ein til dømes pannesteiker det når det kjem rett frå kjøleskåpet. Det senkar temperaturen i steikepanna slik at du ikkje lenger har høg nok temperatur til steiking, så kjøtet bør vere romtemperert før ein går i gang. Dette går an å jukse seg til dersom du er svimete. Dersom kjøtet er innpakka i vanntett vakuumplast kan du legge heile stasen i lunka vannbad (men absolutt ikkje varmt). Dersom det er innpakka i plastfolie eller noko kan du legge det på komfyren medan steikeovnen står på. Men ver fornuftig og ikkje slå på kokeplatene.

Men uansett: Her kjem ein framgangsmåte til å lage fylt ytrefilet. Det er slett ikkje vanskeleg, men det ser jævlig imponerande ut dersom du skal ha gjester.

Du treng:

Eit stort stykke ytrefilet (over eit halvt kilo og min. 200 gram per pers.)
125 gram naturell kremost
Ein halv desiliter finhakka persille
Salt, pepar og smør til steiking
Ein spiss og kvass kniv (fx ein fileteringskniv)
Bomullshyssing og aluminiumsfolie
Steiketermometer

Skjer ei lomme i kjøttstykket med den spisse og kvasse kniven. Dette tek du på gefühlen, men ver forsiktig så du ikkje skjer hol i kjøtet eller deg sjølv. Bland persillen og osten godt, og stapp det inn i lomma i kjøtet. Fordel det så godt du kan. Prøv å sy igjen litt med bomullstråden. Det er vanskeleg, men treng ikkje vere supergrundig. Gni inn overflata med salt og pepar og brun alle sidene på kjøtet i steikepanna. Legg det så i eldfast form. Eg laga ei aluminiumsfoliestøtte som eg la under opninga for å heve henne litt, i håp om at fyllet å ikkje ville renne ut (minst eit av tiltaka virka, men eg veit ikkje om det var syinga eller hevinga). Så stakk eg eit steiketermometer inni og hadde det i ovnen på 175°C til kjøtet var 65-70°C. Lat det kvile i 10 minutt etter at du har teke det ut av ovnen. Server med ting du likar. Eg brukte ovnssteikte poteter, kokt brokkoli og ein dressing av rømmekolle, lettmajones, kvitløk og salt til potetene. Saus trengst ikkje til kjøtet, då fyllet fungerar litt som saus.

søndag 20. november 2011

Jævlig sunn fastfood

Du veit at når morgondagen kjem har du det travelt. Men det er måndag og du har lova deg sjølv at du skal starte eit nytt og betre liv. Eller du har dårleg samvit fordi du igjen kjem til å fôre ungane dine med TOROprodukt eller noko. Ikkje fortvil, redninga er nær. På søndagen har du nemleg teke opp ei blokk med frosen fisk frå frysaren. Jaha, seier du, frosen fisk er kanskje sunt, men det er jo gørrkjedeleg og ikkje et ungane det heller. Velvel, ikkje berre skal dei ete fisk, dei skal ete grønsaker òg. Det som er genialt er nemleg å la ungane lage sin eigen mat (vi som er vaksne og likar fisk og grønnsaker treng berre vite at dette er god og sunn mat, så vi treng ingen spesiell motivasjon, anna enn at det er kjapt å lage).

Dersom du har tint fisk oppskoren i bitar og eit lite utval grønnsaker, kan du la ungane velje sjølv kva dei skal ha i middagspakka si. Det du skal lage til middag i morgon er sjølvsagt fisk i folie, og ved å pakke inn fisken og grønnsakene i folie og steike heile greia i ovnen så mistar du heller ikkje vitaminer og slikt, dersom du er oppteken av det. For å vege opp for sunnheita til denne retten kan du servere rømmedressing til. Mmm.(det finst forrsten pakkar med blanda torsk, sei og lakseterningar i frysedisken på butikken (300 gram). Ein sånn passar til to vaksne).

Oppskrift per vaksne person:

150 g fisk i bitar
ein passeleg stor haug med grønnsaker (fex brokkoli, purre, løk osb. ta det du likar)
eit par sitronskiver (skrell sitrona)
salt, pepar eller anna krydder du likar

Riv av eit passe stort stykke aluminiumsfolie. Legg grønnsakene oppå foliebiten, legg fisken oppå grønnsakene, ha på litt salt og pepar og ha sitronskivene på øvst. Pakk inn i folien og ha i ovnen på 200 °C i ein halvtimes tid. Server med poteter eller kanskje ris, dersom du er risentusiast.

Til rømmedressingen tek du ein halv boks lettrømme, 1-2 ss lettmajones, ½ ts salt og sitronskal frå sitrona du skal skjere i skiver. Bland og la stå litt.

Voila! Du har lettvint kvardagsmiddag.

mandag 21. februar 2011

Donald som festmiddag

Det vert mange billige og keisame middagar i kvardagen, og det er ikkje så spanande å verken skrive eller lese om at eg varmar opp ein boks bønner. Men no har det vore helg, og middag extravaganza. På laurdag laga eg and. And er ganske dyrt å kjøpe i butikken, men du verden kor godt det er. Det billigaste alternativet er kanskje å kjøpe ei heil and, for å kjøpe lår eller bryst i ferdig oppskorne bitar er heilt sinnsjukt dyrt, og eit andebryst kostar gjerne det sammesom ei heil and. Med andre ord vart det heilsteikt and, eg kallar ho And à la Astrid, for eg har kome fram til tillagingsmetoden sjølv, men har fått hjelp av Ingrid Espelid Hovig sine kokebøker til å finne ut korleis ein skal få fuglen jamnt steikt.

Å få ei heil and jamnt steikt kan vere ei utfordring, for anda har meir kjøt på låra, og då er det fort gjort at brystet vert tørt før låra er gjennomsteikte. Dette kan løysast ved skjere brystet av anda når det er ferdigsteikt, men dette er ikkje ei spesielt god løysing tykkjer eg. Då er det betre å snu anda medan ein steiker henne. I tillegg er det lurt å stappe anda med fukt og feitt for å unngå at ho tørkar under steiking. Juster steiketid etter storleiken på anda. Anda mi var 2,4 kg, og eg steikte henne i 20 minutt påkvar side og 40 minutt på brystsida. Eg fekk ikkje skinnet sprøtt, men det kan sikkert løysast ved å setje henne lenger opp i ovnen på høgare temperatur dersom det er viktig for deg. Eg hadde ikkje teke sjansen i mi frykt for å tørke ut kjøtet. Eg laga to stuffingar, ein som eg stappa inn i fuglen og ein eg serverte ved sida av. Tanken var eigentleg å ha ein stuffing med salami inni anda, men eg ombestemte meg og hadde den ved sida av. Denne oppskrifta passar til fire personar, eller til middag to dagar på rad for to. Lurar du på noko kan du spørje meg i kommentarfeltet her, eller på Facebook der eg finst som Matvrak Mateglagar. Legg du meg til som ven får du oppdateringar når det dukkar opp noko nytt på bloggen.

Til And à la Astrid treng du:

1 and utan innmat
Smør
1, 5 eple
1 halv pose tørka aprikosar

Stuffing ved sida av:

1 halv pose tørka aprikosar
1 eple
75 g salami

Saus

1 ss smør
1 ss kveitemjøl
3 dl buljongkraft
Mjølk
Steikesjy/feitt frå anda

Legg aprikosane i bløyt. Eg innbiller meg at det går fortare dersom eg brukar varmt vatn, så eg varmar vatnet i vasskokaren. Eg veit ikkje om det faktisk er tilfellet, altså. Eg berre nemner det. La dei ligge i omlag ein halvtime. Finhakk dei og eple og bland inn ei spiseskei smør som du har smelta. Skyll og tørk av anda, og stapp frukt og smørfyllet inn i henne. Knyt saman beina (eg prøver å passe på at eg «sperrar inne» det fuktige fyllet i fuglen) og gni anda inn med smelta smør. Eg knytte og ein hyssing rundt anda for at vengene skulle ligge inntil og forhåpentlegvis ikkje tørke ut.


Så set du anda nederst i ovnen som er 225°C varm med det eine låret opp. La ho stå slik i 20 minutt. Ta anda ut av ovnen og snu henne, og steik henne så med det andre låret opp i 20 minutt. Neste gong du tek anda ut, legg henne ned med brystet opp, og stikk inn eit steiketermometer. Steik henne til brystet er 65-70 grader (eller mindre, om du likar henne raud/rosa) det tek 30-40 minutt. Du har no ei steikt and (her er steiketermometeret i låret, eg sette det i når eg var ferdig for å sjekke temperaturen sånn for sikkerheits skuld. Det er ikkje nødvendig, altså).

Til stuffingen ved sida av gjer du berre som med stuffingen inni, berre minus smør og med 75 gram finhakka salami. Set i ovnen i ca 20 minutt. Eg sette anda litt opp i ovnen så eg fekk plass til stuffingen under.



Sausen er i grunnen berre halvbruna smør- og mjøljamning, spedd med buljong og mjølk, og tilsett litt av feittet/sjyen etter andesteikinga. Eg er ganske feig når eg skal brune saus, så han vert alltid alt for ljos (men i røynda var sausen på biletet mørkare enn han ser ut her, altså), men smakar godt for det. Det går jo an å ha litt sukkerkulør i og, dersom det er viktig for deg at sausen er litt brun.



Alt dette her er knallgodt med potetstappe og rosenkål til. Noko å tenkje på neste gong du har noko å feire? Det går jo også fint å lage ein rimelegare variant der ein byter ut anda med ein kylling, det vert og eit festmåltid, men eit heilt anna eit, ettersom kylling og and smakar ganske så ulikt. Men eg torer seie at dette tilbehøret vil passe fint til kylling likevel.

onsdag 19. januar 2011

Janssons Frestelse

Når det kjem til fisk er eg sørgeleg lite kreativ. Eg er glad i fisk, men han vert som regel steik eller kokt og servert med kokte poteter og passande grønnsaker og saus. Men no har det jo nett vore jol, og då må ein jo flotte seg litt. Eg likar å lage Janssons Frestelse (frestelse er svensk for freisting, må vite) ein av joledagane, men freistinga kan jo etast når som helst elles, men passar kanskje best om vinteren ettersom ho ber eit visst preg av sikringskost(som de ser av ingrediensane er ikkje Jansson freisting slankemat). Ein skal vel eigentleg bruke svensk ansjos til denne retten, men eg er ikkje så nøye på det. Med ein liten boks juleansjos (130 gram) tykkjer eg at resultatet vert plenty vellukka.

Du treng:

Ca eit kilo poteter
Ein løk (litt stor)
Ein boks ansjos (130 g filet)
Ein boks mat- eller kremfløyte
Smør
Strøkavring

Skrell potetene og skjer dei i skiver. Legg eit lag med halvparten av potetskivene (sånn litt på skrå over kvarandre, eg skulle hatt eit bilete, orsak) i botn av ei smurt eldfast form. Skjer løken i i ringar og legg løkringane oppå potetene. Fordel ansjosfileten over løken og legg over resten av potetene. Hell over fløyten (og litt av laken til ansjosane) og ha strøkavring på toppen. Oppå dette igjen legg du nokre klattar med smør. Steik på 200°C i ein knapp time. Janssons Frestelse kan etast som hovedrett, eller som tilbehør til annan mat. I Sverige et dei visstnok pølser til, men eg kan ikkje sjå at det er nødvendig når ein har ein feit og velsmakande rett i potetforma. Eg har forresten innført glutenfritt som tag, og satsar på å få lagt inn på eldre oppskrifter i løpet av kort tid. Denne retten er forresten ikkje glutenfri, grunna strøkavringen. Men han kan jo sløyfast...

Redigering: Eg har lagt inn "glutenfri" merking på ein del rettar, med det er ikkje alle eg tek sjansen på å gjere det med, dersom eg har nytta ein rar saus eller noko som eg ikkje er heilt sikker på om inneheld mjøl, det kan likevel hende at ein del av rettane er glutenfrie for det. Dessutan er det ein del av rettane som kan justerast litt, som shepherds pie. Eg reknar med kveitemjølet som vert nytta til jamning kan sløyfast (berre hugs å bruk mindre væske) eller erstattast med høveleg glutenfri erstatning.

torsdag 23. desember 2010

Sildesalat

Mange tykkjer sild høyrer jola til. Eg er einig (men tykkjer sild er godt året rundt), og lagar sildesalat til jol kvart år. Det er enkelt, og kjempegodt på skiva til jolefrukostane. Eg har i:

1 beger lettrømme
1 pose lettmajones
1 glas apetittsild
1 purre
4 hardkokte egg
Sylta raudbetar

Bland majonesen og rømmen godt. Skjer opp silda, purren, egga og raudbetane i høvelege bitar og bland det oppi dressingen. Skikkeleg kjapt med andre ord. Eg var nesten tom for raudbetar då eg laga salaten på biletet, og fekk ikkje den flotte rosafargen som salaten brukar å ha. Men han smakte godt likevel!

onsdag 22. desember 2010

Fett! Delfiakake!

Det er jol berre ein gong i året, så kvifor ikkje unne seg ei kaloribombe av dimensjonar? Delfiakake er ein joleklassikar, og den klart feitaste kaka eg veit om. Enkel å lage er ho og.

Du treng:

2 plater kokesjokolade
1 pakke Delfiafeitt
Kakekjeks som t.d. Per-kjeks
2 egg
2 ss sukker
4 ss sterk kaffi
Geletoppar, seigmenn eller liknande

Smelt sjokoladen i kaffien. Visp eggedosis av egg og sukker. Smelt feittet. Ha sjokoladen i eggedosisen medan du vispar. Ha forsiktig i feittet medan du framleis vispar. No har du ferdig kakerøre. Legg røra lagvis med kjeks og legg seigmenn og geletoppar rundt om kring i kaka. På toppen har du seigmenn og geletoppar, så let du kaka stivne. No er du klar for å legge på deg.

tirsdag 21. desember 2010

Marsipan!

Til jol høyrer det sjølvsagt snop med, og marsipan er jo ein klassikar. Heimelaga marsipan eignar seg dårleg til å lage figurar av eller ha på kake, men til gjengjeld eignar han seg framifrå til å ete. I fjor sa far min at marsipanen eg hadde laga til jol var "den beste marsipanen han hadde smakt nokon gong". Dette seier litt, for far min elskar marsipan meir enn byfolk elskar hyttene sine (dette med at byfolk elskar hyttene sine er noko far min seier. Han meinar at byfolk elskar hyttene sine, og at dei dreg dit i helgene for å drikke).

Nuvel. Å lage marsipan er enkelt. Det tek litt tid, men det er verkeleg ikkje vanskeleg. Det første ein må gjere er å skålde mandlar. Det gjer ein ved å koke mandlane i (drøyt) 5 minutt. Så slår du vatnet av og gnir skalet av med fingrane. Så skal mandlane tørke, la dei gjerne ligge til dagen etter (eg sa jo at dette tok tid). I mellomtida kan du lese denne digresjonen: For å sjekke eg ikkje skreiv noko feil vedrørande skålding av mandlar tok eg og googla det med søkeorda "skålde mandler". Og trur du ikkje google er så frekk at han (?) spør meg om eg meinar "skolde mandler"? Nei sjølvsagt meinar eg ikkje det, men eg måtte sjekke lenka, og jaggu var det mange treff på "skolde mandler", du. Men "skolde" er ikkje eit ord. For å vere på den sikre sida sjekka eg både norsk- og bokmålsordlista, og det heiter "skålde" på begge målføre gitt. Eg kjenner på meg at folk er kørka. Men uansett; jævlig frekt av google å insinere at eg er den som skriv feil. Ikkje at eg skriv perfekt, det finst sikkert skrivefeil som ikkje er tastaturbaserte i denne bloggen og, men skolde? Jaja, tilbake til marsipanen. Det er ikkje mange ingrediensar.

Mandlar
Melis
Eggekvite
Tragant

Bruk like deler mandlar og melis. Til dømes 250 gram mandlar og 250 gram melis. Mal dei skålda mandlane i mandelkvern. Best resultat får du om du gjer dette to gonger, altså mal den oppmalte massen. Bland saman malte mandlar og melis, og ein knivsodd tragant. Tragant er eit naturleg gummistoff (pulver) ein har i for at marsipanen skal bli litt seig. Du får kjøpt det på apoteket og det kostar 50 kroner og varar evig. Med mindre du lagar marsipan veldig ofte då, men det er det ikkje så mange som gjer. Ha i eggekvite. Prøv deg fram, det trengst mindre enn du trur. Eg trur brukte ei kvite sist, men kan hende treng du mindre eller meir. Arbeid inn eggekvite til du har rett konsistens, og voila -du har marsipan. Den kan smakssetjast med det du likar. Då vert han gjerne veldig klissete. Eg likar sitrusskal eller konjakk og dyppa i sjokolade. Når du smeltar sjokolade må du passe på at han ikkje vert for varm og at du ikkje får vatn i, for då vert han kornete. Du kan ha litt delfiafeitt i smeltinga for at sjokoladen skal verte lettare å jobbe med. Marsipanen kan sjølvsagt også nytast naturell. Mmmm. Ein gong laga eg forresten marsipan med Splenda. Det gjekk an, men vart sjølvsagt ikkje like godt som med sukker.

lørdag 18. desember 2010

Jol! Yeah!


Det har stått litt på hovudet no mot semesterslutt, men no skal eg endeleg byrje på jolematen! Småkaker og sånt interesserer meg lite, og det vert ikkje sju sortar til jol her i huset (men så er no berre to, og då). Her ein dag hadde me ribbe til middag, for den er jo så billig no om dagen. Eg brukte remakokken si oppskrift, men det tok jævli lang tid, då eg ikkje har varmluftsovn. Eg gidd ikkje dra til med ei ribbeoppskrift no, men eg har eit tips til deg som skal rute svor og ikkje har ein tilstrekkeleg kvass kniv til rådigheit (dette tipset fordrar rett nok at du er sånn hobbyperson eller liknande og har reiskapen liggande). Det gjekk fint å rute svor med papirkniv (40 spenn med utskiftbare blad i hobbybutikk). Reknar med skalpell og vil gjere susen! Kaking går eg ikkje i gang med før måndag. No er det laurdag, og jolaftan er ikkje før fredag. Leeenge igjen med andre ord.

Matvrak som restaurantmeldar og ei oppskrift

Eg har ikkje kome i gang med joleførebuingane enno, så dei som ventar på kakeoppskrifter oog slikt må smøre seg med tolmod ei lita stund til til. Nett no er det slik at eg har litt tid å slå i hel, og det gjer eg på kantina på jobb, noko som fekk meg til å tenkje på at eg tidlegare har fantasert litt om å melde resaurantar og kafear og slikt. Dei stadene eg har råd til å frekventere er nok ikkje frå øvre sjikt, så eg samanliknar gjerne med det eg kjenner best, nemleg mi eiga kokkelering. Når eg et på ein kafe tenkjer eg automatisk -"kan eg gjere dette like bra eller betre?" Ofte er svaret ja, sjølv om eg ikkje har noko kokkeutdanning. Likevel kan eg rettferdiggjere dette med at maten eg lagar til Mannen, meg sjølv, min familie og mine vener er laga med omtanke og eit håp om skryt. Kafekokken kjenner ikkje meg, og gjer truleg blanke i om eg likar maten hans eller ikkje, så lenge han får betalt. I dei få tilfella eg et på ein "dyrare" (men ikkje så dyr) restaurant stig forventningane, og eg reknar med at kokken skal klare betre enn meg. Skuffelsen er desto større dersom maten er keisam eller ekkel. Då tykkjer eg det er dritfrekt kor grovt dei tek seg betalt for mat eg kunne laga betre sjølv, særleg om servicen er ræva den og. Når eg no skal melde resaurant(ar) er derfor det første kriteriet; Kan eg gjere dette betre sjølv? No veit eg ikkje om dette vert eit fast segment i Mat eg lagar, men eg tenkte byrje med den næraste, nemleg den eg sit i: Kantina på Haukeland Universitetssjukehus. Då Bergens Tidene melde kantina for ei tid tilbake fekk ho karakteren 3. Fortener ho det? Eg tenkjer eg lagar ei liste med kriterier med karakter på kvart og ein samlekarakter til slutt. Eg nyttar sjølvsagt det populære 6-karaktersystemet (men kallar det ikkje terningkast)

Kan eg klare dette sjølv?/Mat: I aller høgste grad. Kokkane på Haukisen imponerer ikkje med smakfulle eller delikate rettar. Sjølv pizza eg keisamt her, og (som eitt av mine motto seier) "det er grenser for kor dårleg mat med smelta ost kan vere". Eg skjønar at maten på eit sjukehus må falle alle i smak, men det tyder vel ikkje at maten ikkje kan ha nokon. Maten treg ikkje verte sterk sjølv om ein nyttar krydder, og ein må ikkje koke pastaen til graut for at alle skal kunne ete han (dei tannlause får ev. få graut). Ein gong kjøpte eg ein komlemiddag, og "saltkjøtet" som følgde med smakte tunfisk. Eg hadde ikkje blitt forundra om det faktisk var tunfisk. Eg kan diverre ikkje gå opp ein karakter berre fordi dei har ein god rett på menyen, nemleg gyros, som eg kjem med oppskrift på lenger nede. Karakter 1.

Pris: Ryktet seier at då kantinematen framleis var billig på Haukeland var det mange pensjonistar som drog hit ei eins ærend for å ete middag. Dermed måtte prisane gå opp, og dei tilsette få ein eigen rabatt på middag (som dei også får på brød og pålegg). Rabatten er ikkje all verdas, og gjeld t.d. ikkje for anna varm mat enn middag, som for eksempel gyrosen, som no er oppe i 65 kroner. Det er det samme som prisen på ein rullekebab, og gyrosen er berre halvparten så stor. Kort sagt er maten jævlig dyr til å vere ei sjukehuskantine som også fungerer som personalkantine. Kantina er eit offer for sparinga i helsesektoren, og stenger no klokka seks om ettermiddagen, og har ikkje lenger råd til å ha ein frityrkokar til pommes frites som pleide å inngå i ein hamburgermeny i hine hårde dagar då Haukisen framleis hadde råd til å ha ope i kantina til 10. Karakter 1.

Service: Haha! Ein kan no ikkje nett klage på servicen, han er som forventa i denne typen etablissement, men du har no ein del karakterar som jobbar her, då. Ho med augeskuggen og ørnenasen med den skitne senebetennelse-bandasjen som sat i kassa før (men ho er sikkert pensjonert no) sa ein gong til meg då eg kom i kassa for å betale ein kiwi "Har vi sånne her?" Eg tykkjer no slikt er kosteleg! Karakter 3

Hygiene: Nei. Det er ufyseleg her. Småfuglar som kjem inn i kantina, og mygl i salatbaren kan ikkje tolererast. Karakter 1 (Bilete av småfugl i kantina er rappa frå Nrk.no)


Miljø: Kantina er no som kantiner flest, litt keisam, men om sommaren, på ein godversdag kan du sitje ute på taket og sjå og høyre på sjukepleiar- og medisinstudentar, som kan vere både underhaldande og irriterande. Karakter 3

Samanlagt karakter: 2 (eller eigentleg 1,8). Jaja, det vart ikkje botnkarakter slik som eg hadde trudd, men det er vel fordi ein ikkje har så høge forventningar til kantina som sjanger.

Oppskrift:
"Den gode retten i Haukelandskantina" eller gyros
Eg brukte pitabrød, så det vert jo litt annleis då, men eg tippar ein får tak i ei sånn lefse som dei brukar på Haukeland i ei innvandrarsjappe eller noko. Eg tykkjer ikkje det er så nøye heller, for smaken ligg i sausen.

Du treng:

Pitabrød
Kjøt (Storfe- eller lammekjøt er nok best, eg har prøvd med svin eing gong, men det vart ikkje så godt, men det er no smak og lommebok som avgjer)
Agurk
Tomat
Løk
Ev. andre grønnsaker du likar
Matyoghurt
Kvitløk
Krydder (eg har ei krydderblanding som heiter Urtegård. Den var midt i blinken, elles kan du lage din eigen miks, med t.d. basilikum, oregano, merian, salt, pepar, koriander, paprika, meriam timian og liknande)
Salt
Olje

Varm pitabrødet. Skjer opp grønnsakene til passe storleik til å legge oppi
pitabrød. Skjer kjøtet i høvelege bitar og steik det. Lag saus slik: Fres litt kvitløk og krydder i ein skvett olje. Ha i matyoghurt og varm dette opp i lag. Ikkje kok yohurten lenge. Putt grønnsaker, kjøt og saus i, og voila du har Haukelandskantina sitt glansnummer heime, og truleg til ein rimelegare penge!

søndag 24. oktober 2010

Viva España!

For første gong sidan eg starta Mat eg lagar har eg vore på reise. Turen gjekk til Spania, nærare bestemt Barcelona i Katalonia. Katalanarane vil nok ikkje blitt begeistra dersom dei visste at eg skreiv at eg var i Spania og nytta overskrifter som "Viva España", men dei forstår katalansk og ikkje nynorsk, så eg gir blaffen, for eg hadde tenkt å poste denne videoen uansett:



Det gjort er det på tide å skrive noko om mat, sidan det er det eg syslar med her. Med meg frå Spania har eg iberiaskinke, safran og manchegoost og litt fleire fine matar som trøffel, foie gras av and (betre enn av gås, spør du meg) og chorizo og nokre fleire skinkesortar. Eg gledar meg naturlegvis til å ete og bruke av den luksuriøse maten, men det eg tenkte å skrive om i dag er maten vi fekk servert på restaurant i Barcelona. Eg tok nokre bilete, men av og til gløymte eg det. Det gjer i grunnen ingenting, for det er no kanskje litt begrensa kor spanande det er å sjå eit bilete av mørbradbiff med friterte poteter, tapenade og ein steikt tomat, uansett kor perfekt steikt han var.

Eg veit ikkje så all verdas om spansk mattradisjon, anna enn at dei har god skinke og tapas, produserer olivenolje og vin, slikt som som alle veit. Men vi fekk ei lita innføring i måltidsskikkar av guiden/læraren, så eg kan fortelje litt av dette. Diverre fekk eg ikkje med meg om dette gjaldt spanjolane generelt eller berre katalanarane, men pytt.

Frukost:
Læraren sa at frukost ikkje var særleg til måltid i Spania, men at ei stort sett tek med seg noko frå ein kiosk eller eit bakeri i handa på veg til jobb. Men vi fann ut at det fanst kafear der folk sette seg ned for å ete frukost. Ein stad vi åt hadde dei sandwichmeny der det sto mellom anna "kalvemuffin". Kalvemuffinen var eit slags stort rundstykke med ei skive steikt kalvefilet inni, med noko tapenade på. Det var godt, men ikkje det eg tenkjer på som ein typisk frukostrett. Meir ein lunsj, trur eg. Konsumerte med kaffi.

Lunsj:
Heiter siesta, og varar i to-tre timar(!). Lunsjen vert fortært på kafe, og er gjerne tre rettar (!). Vi åt ein slik trerettars lunsj kvar dag i løpet av opphaldet, og det var her vi fekk servert mest mystisk og godt. Av og til ufyseleg, som denne suppa som var forrett til ein keisam svinesteik med pommes frites utan saus (dei hadde heldigvis ketchup). Suppa var spaghettibitar kokt lenge i tynn hønsebuljong, med nokre smaklause skinkebitar og litt egg.

Svinet såg slik ut, og herlegdommen vart servert med rikeleg med billig raudvin med plastkork, og valfri dessert til slutt. Eg valde kaffi. På kafeane vert lunsjen servert som ein trerettars meny til ein fast pris frå ca 50 kroner og oppover. Ein kan gjerne velje mellom tre forrettar, tre hovedrettar og tre dessertar (det kan vere fleire enn tre, det er berre eit døme) eller kaffi, og inkludert i menyen er eit glas valfri drikke eller som i dette tilfellet, ei flaske. Alt til den nette sum av ca 55 kroner (nesten åtte euro).

Ein annan dag fekk eg servert ei slags sjømat- og potetform, men den var kald og det trekte ned. Forretten til denne var ei litt keisam kokossuppe. Den fekk meg til å ville lage ei litt meir spenstig kokossuppe sjølv, så det er berre å følge med, når eg har eksperimentert litt kjem det nok ei oppskrift.

Det snodigaste eg åt på turen var nok den særeigne varianten av surf & turf siste dagen vi skulle sove der. Nemleg kaningryte med sniglar. Eg valde denne frå menyen fordi eg likar både kanin og snigle og fordi det var den raraste kombinasjonen eg har sett på ein restaurantmeny nokon gong. Men det var godt, absolutt, sjølv om eg ikkje nett kjem til å snikre denne retten i mitt eige kjøken.


Til slutt må eg berre nemne desserten eg fekk ein dag eg ikkje var stappmett. Etter to rettar av lunsjmenyen var eg som regel for mett til å ete noko dessert, men denne vart konsumert etter ein lett tapasmiddag, nemleg gin&tonicgele. Det var rart å få spritgele på restaurant, Det er gjerne noko ein forbind med fjortisparties. Men det var iallefall ei lita kule med frisk sitrussobet på toppen. Den var god.

Middag:
Middagen vert stort sett konsumert heime ganske seint på kvelden. Det er etter jobb (dei er sjølvsagt seint ferdige med så sein lunsj), før middag at spanjolane et tapas. Den fungerer som visstnok som ein apetittvekkar før middag, og vert eten med eit glas vin eller ein øl på tapasbar. Tapasen kan vere eit stykke skinke, litt ost eller oliven eller noko sjømat og så vidare. Spanjolane går gjerne ein liten barrunde og et tapas og drikk, men som turistar vil vi gjerne sitje på vår breie bak og ete i fred og ro. Vi prøvde å ete tapas som eit middagsmåltid ein kveld, og det var godt og vi vart mette, men det var jo eit helvete å få delt rekninga.

No giddar eg ikkje skrive meir, html-kodinga tek knekken på meg, men eg kjem attende med oppskifter ein annan dag. Hej så länge.

søndag 3. oktober 2010

Scones

Det var søndag morgon og vi ville ha noko godt til frukost, men utvalet i kjøleskåpet var heller magert, men syltetøy hadde vi, så eg foreslo å lage scones til frukost, så kunne vi ete dei varme med syltetøy på. Det er så raskt å lage scones, det tek berre så lang tid som steikeomnen brukar på å bli varm, pluss ti minutt til steiking. Oppskrifta har eg rappa frå "Gyldendals nye store kokoebok" (som rett nok ikkje er så ny lenger), er til to store (litt salte) firedelte scones. Du treng:

4 dl kveitemjøl
1 klype salt
1 klype sukker
2,5 ts bakepulver
50 gram smør
2 dl mjølk


Bland dei tørre ingrediensane, og smuldre smøret grundig inn i mjølblandinga. Bland kjapt i mjølka, og vips, så har du deig. Form deigen til to kaker (tjukke og flate), men ikkje driv å elt og kna på deigen først (berre reguler med litt mjøl om nødvendig). Legg kakene på bakepapir på steikeplate, og skjer eit kryss i med ein kvass kniv. Steik i 10-12 minutt på 250°C. Engelskmenna er ansvarlege for opphavet til denne baksten, og serverer scones til high tea, med krem og syltetøy eller lemon curd på. Elles må eg orsake det fæle biletet, eg hadde berre mobilkamera, med det resultat at baksten ser svidd og fæl ut. Det var han ikkje, og han smakte framifrå.

torsdag 30. september 2010

Lapskaus


Eg kjenner til folk som ikkje kan lage lapskaus. Dette er jo heilt hårreisande, tenk -det er jo så enkelt, og så godt. Det tek litt tid, rett nok, men det er absolutt verd å bruke ein halvtime av tida si på. I dag hadde eg ikkje planlagt å lage lapskaus, og hadde ikkje teke opp kraft frå frysen, men eg tykkjer det er godt med buljongkraft og, så i dag brukte eg dette:

7 poteter
1/2 kg sellerirot
5 gulrøter
1 diger purre
400 g middagspølse (den billige, frå rema)
3 buljongterningar
1/2 liter vatn

Skjer opp poteter, og legg dei på botn av ei stor gryte saman med buljongen. Skjer opp det andre, og legg det oppi gryta (eg legg purren på topp, men det har truleg ikkje noko å seie). Slå over vatnet, og kok på middels varme i ein knapp time. Når lapskausen har fått din favorittkonsistens nærmar det seg servering. Skjer opp pølsa og ha den i mot slutten av koketida. Dersom du har pølsa i i byrjinga vil den bli vassen og utkokt. Dersom du vil ha meir suppete konsistens kokar du grønnsakene kortare og har kanskje meir vatn i. Tykkjer du kausen ligg an til å bli for suppete, kokar du utan lok ei stund, så litt av vatnet kan rømme. Vil du lage lapskausen med fex grytekjøt (er godt, tilrådast) har du kjøtet oppi saman med grønnsakene i byrjinga. Byggryn er knallgodt i, men då bør du vere betre på planlegging enn meg, for då er det bløytlegging og sånt på gang. Elles kan det vere godt med kålrabi oppi, og/eller pinne- eller røykjekjøt. Er du veggis droppar du pølsa, blir godt utan og, men ikkje like godt, sjølvsagt. Denne er glutenfri om du går for gryte- eller pinnekjøtvarianten, eg reknar med det er kveitemjøl i pølsa.

torsdag 9. september 2010

Mat av ferdigmat

Eg er vanlegvis ikkje ein stor fan av ferdigmat, men her om dagen hadde eg skada meg, og eg hadde ingen armar som fungerte skikkeleg. Med andre ord var det synd i meg, og eg ville ha rasklaga mat som var god og genererte lite oppvask. Dessutan mogeleg å lage med ei hand. Frosenpizza er ikkje så godt, og peppespizza for dyrt. Løysinga vart naanpizza.

Du treng:

Ferdigkjøpte naanbrød (1 stort eller eit par små)
Butikkjøpt tomatsaus
Riven ost
Ting du likar å hå på pizzaen, som bacon, løk, sopp eller kva som helst du likar.

Legg tomatsaus og ost på naanbrød, legg oppå dei tinga du likar, og steik på 225°C til osten er smelta. Når du har ete dette er det litt mindre synd i. Enklare kan ikkje mat bli. På biletet er det skinke og vårløk.

torsdag 2. september 2010

Pause

Ettersom eg i går hadde sjølvamputasjon av eigen fingertupp på timeplanen, blir det nok ei stund før eg lagar noko mat som er verd å skrive om her (forblir bandasjert i eit par veker, sa dokteren). Når eg blir god att kjem eg attende med ein godbit eller fleire. Ha det fint så lenge.

mandag 23. august 2010

Indonesiskinspirert kyllinggryte

Eg må berre orsake at eg er treig med postinga, men eg har hatt ferie, og dermed tid til å sysle med slikt som blogging, noko som sjølvsagt tyder at eg ikkje gjer noko av sorten. No har eg derimot ein travel haust framfor meg, og kjem sikkert til å kaste vekk tid på å dele matoppskrifter med dykk. I dag deler eg mi eigenkomponerte kyllinggryte, som er indonesiskinspirert. Inspirasjonen frå indonesia (eg har ikkje den minste peiling på det indonesiske kjøkken) består stor sett i nokre skeier med sataysaus.

Du treng (2 pers sånn ca?):

2 stk (300 g) kyllingfilét
1 løk
1 raud paprika
1 gul paprika
1 grøn paprika
2 nevar cashewnøter
1 pakke (trur dei er på ca 150 gram) sukkererter
1 ts gurkemeie
¼ - ½ ts chilipulver
Salt
½ dl matfløyte
4 ts sataysaus

Skjer kyllingfiléten i bitar, steik i gryte med olje og krydder. Ha oppi oppskoren løk, og paprika i bitar. Ha i sukkerertene og lat dei bli varme, medan du rører sataysausen ut i fløyten og slår dette over kylling/grønnsaksblandinga. Kok litt for å få tjukkare saus. Det er så kjapt og enkelt å lage dette, det er ein draum. Det er framifrå lågkarbomat, men dersom lågkarbo ikkje er noko for deg, kan du servere med ris til, eller ovnssteikte poteter som eg tykkjer passar til alt. Eg likar denne middagen godt, og lagar det ofte dersom eg finn kyllingfilet til ein rimeleg penge. For eksempel dersom han går ut på dato i morgon. Då er ikkje dette så kostbart å lage dersom du likevel har eit glas med satay ståande, det held seg i vekesvis etter opning.

mandag 16. august 2010

Shepherd's pie

Det vert sagt mykje ufordelaktig om engelsk mat, men stort sett er ikkje engelsk mat dårleg, men mange har ete engelsk mat på billige pubar og liknande, og på det viset er ikkje norsk mat heller så god. Engelsk mat liknar i grunnen mykje på norsk mat, med mykje poteter og sauekjøt, og lite grønnsaker med mindre dei er i lapskaus eller stuing. Dei er likevel hakket gladare i frityrkokaren sin enn kva vi er her, og billig mat på pub er gjerne drukna i feitt. Shepherd's pie er ein engelsk klassikar, og sjølv om det kanskje ikkje er sommarkost, så er det snart haust, og ein vil kose seg inne med noko skikkeleg sikringskost. Ein regnværskveld no i ferien laga eg sheperd's pie, og eg vil sjølv påstå at det var vellukka, Mannen forsynte seg fire gonger, vi drakk raudvin til og kosa oss. Dette er mi oppskrift (ca 4 pers):

1/2 kg kjøtdeig av sau/lam
1 kg poteter som eignar seg til potetstappe
1 stor løk
1 stor gulrot
1 1/2 dl raudvin
3 dl kraft/buljong (ikkje for salt)
1-2 ss kveitemjøl
Mjølk, smør, fløyte eller kva du no føretrekk i potetstappa di
Salt til potetstappa
Litt ost
Erter

Kok potetene og lag potetstappe slik du likar. Ikkje bruk potetstappepulver. Steik kjøtdeigen og ha i riven gulrot og hakka løk. Slå feittet av kjøtdeigen og set tilbake på plata. Slå over raudvinen og kok inn. Dryss over kveitemjølet og hell over buljongen. Rør og kok inn slik at det vert tjukk saus av det. Legg eit tynt lag potetstappe i forma og legg kjøttfyllet oppå. Ha resten av potetstappa oppå og dryss litt ost over. Prikk det øverste laget med ein gaffel for å unngå at fyllet tyt opp som på biletet, som eg tok då eg hadde gløymt å prikke paien.

Ja, då har eg endeleg fått opp eit bilete av min eigen shepherd's pie, og eg må jo medgi at han ikkje er verdas penaste pie. Men god, det var han (hugs å prikke)!

Eg hadde visst gløymt å skrive temperatur til gratinering her. Det skal vere 200°C i omlag 20 minutt.

tirsdag 3. august 2010

Muffins


Ja, av og til må ein jo ha litt søtsaker også. Dersom eg skal lage noko godt til mange, som til dømes ein skuleklasse, lagar eg eit par omgangar med kryddermuffins, som eg pyntar med melisglasur og nonstop. Dersom eg skal lage noko godt til kaffien etter eit middagsbesøk held det med ein omgang, men då får muffinsane meir og flottare garnityr.

Til ca 25 muffins

100 g smør
2 dl sukker
2 egg
4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kanel
1 ts kardemomme
1/2 ts nellik

Rør smør og sukker kvitt (smøret må vere mjukt, men ikkje smelta), det går fort med ein handmiksar. Rør i eitt egg i slengen. Bland alt det tørre for seg, og ha det i vekelvis med mjølk. Rør inn kvar gong du har i noko. Ha røra i små muffinsformer, og stei på 175°C i 12-15 minutt.

Når muffinsane er avkjølt kan du pynte dei. På biletet er det muffins eg laga til ein fest, og dei har fekk ostekrem med raud konditorfarge på seg og sukkerblomar eller sølvkuler.

Ostekremen er omlag sånn:

1 boks philadelphia naturell
50 g mjukt smør
200 g melis
Konditorfarge

Bland ingrediensane godt, og ha kremen på muffinsane, og dekorer. Du kan variere med dei samkstilsetjingane du vil, du berre byter ut krydderet med til dømes ei smalta sjokoladeplate du rører inn til slutt, eller malen ingefær, som passar godt med sitron (skal+saft). Du kan ha rosiner i, eller sjokoladebitar. Ta det du likar best. Du kan også ha røra i ei godt smurt brødform og få formkake. Då aukar steiketida til tre kvarter, men bruk ei kakenål, strikkepinne eller noko for å sjekke at kaka er gjennomsteikt.

mandag 2. august 2010

Form

Eg er visst ikkje så flink til å poste jamnt og trutt, men det er vel ikkje så farleg heller? Sidan eg var i det vegetariske hjørnet sist kan eg jo følge opp i dag med ein av mine absolutte favorittar. Det kan vere ein vegetarisk hovedrett, eller eit godt tilbehør til ein lågkarbomiddag. Dessutan kan du legge baconskiver oppå dei 10-15 siste minutta av steiketida, så har du eit digg måltid. Det er ikkje eigentleg så mykje ei oppskrift som eit forslag, men dette brukar iallefall eg:

1 blomkål
1 brokkoli
1 løk
1 kvitløk utan fedd
1 aubergine
1/2-1 liter tjukk, kvit saus

Skjer auberginen i tynne skiver, legg dei utover og ha salt på. Lag kvit saus. Skjer opp resten av grønnsakene i små bitar og hakk kvitløken. Tørk godt av aubergineskivene og steik dei lett brune. Legg blomkål, brokkoli, løk og kvitløk i ei høveleg form, legg aubergine oppå. Gjenta dette ein gong, så kan du slå over den kvite sausen (det blir ekstra godt med litt ost i sausen eller som topping) og setje i ovnen på 200°C i omlag ein halv time. På biletet er det ein baconvariant. Mmmm.

På engelsk har dei uttrykket "comfort food", som er mat til trøyst eller kos som er enkelt og greit å lage. Trur jammen eg skal innføre comfort food som etikett også. Eg tykkjer ei sik form kjem inn under omgrepet.