Viser innlegg med etiketten vegetar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten vegetar. Vis alle innlegg

mandag 2. august 2010

Form

Eg er visst ikkje så flink til å poste jamnt og trutt, men det er vel ikkje så farleg heller? Sidan eg var i det vegetariske hjørnet sist kan eg jo følge opp i dag med ein av mine absolutte favorittar. Det kan vere ein vegetarisk hovedrett, eller eit godt tilbehør til ein lågkarbomiddag. Dessutan kan du legge baconskiver oppå dei 10-15 siste minutta av steiketida, så har du eit digg måltid. Det er ikkje eigentleg så mykje ei oppskrift som eit forslag, men dette brukar iallefall eg:

1 blomkål
1 brokkoli
1 løk
1 kvitløk utan fedd
1 aubergine
1/2-1 liter tjukk, kvit saus

Skjer auberginen i tynne skiver, legg dei utover og ha salt på. Lag kvit saus. Skjer opp resten av grønnsakene i små bitar og hakk kvitløken. Tørk godt av aubergineskivene og steik dei lett brune. Legg blomkål, brokkoli, løk og kvitløk i ei høveleg form, legg aubergine oppå. Gjenta dette ein gong, så kan du slå over den kvite sausen (det blir ekstra godt med litt ost i sausen eller som topping) og setje i ovnen på 200°C i omlag ein halv time. På biletet er det ein baconvariant. Mmmm.

På engelsk har dei uttrykket "comfort food", som er mat til trøyst eller kos som er enkelt og greit å lage. Trur jammen eg skal innføre comfort food som etikett også. Eg tykkjer ei sik form kjem inn under omgrepet.

lørdag 24. juli 2010

Vegetarmat, eit variert kosthald.

Då eg snakka med ei veninne her ein dag, sa ho at ho gjerne ville kutte ned på kjøtforbruket, men at ho hadde vanskar med å variere kosten nok. Dersom ein gjerne vil ete vegetarisk er det ein fordel å vere kreativ på kjøkenet, men det kan vere ei god løysing å skaffe seg nokre vegetarkokebøker (dersom du alt har ei eller fleire asiatiske kokebøker bør du også kunne finne vegetaroppskrifter der, ettersom mange menneske i Asia er vegetarianarar av religiøse grunnar). Likevel skal eg prøve å kome med forslag til god og variert vegetarkost dei dagane ein ikkje et kjøt eller sjømat, eller til dei som er vegetarianarar. Eit tips er å lage tilbehør til kjøtmat utan kjøtmaten. Tenk for eksempel kjøttkaker, ein har gjerne erte- eller kålstuing, poteter, saus og tyttebærsyltetøy til. Eg hadde lett ete kålstuing som hovedrett. Dersom du tykkjer det er lite mettande kan du putte kokt makaroni i. For eksempel.

Å finne varierte grønsaker og prøve ut ymse tillagingsmetodar er lurt, du kan få deg ein ny favorittgrønnsak eller -rett. Ta for eksempel tilbehøret til gurkemeiekyllingen, det funkar fint som hovedrett i eit vegetarisk alternativ, og framgangsmåten kan du bruke på ulike grønnsaker. Gå i butikkar som har stort utval eller er drivne av innvandrarar, ver modig og prøv ut noko du ikkje har prøvd før.

Hugs at det finst bønner og linser, desse er proteinrike plantar som held deg mett lenge. Bønner kan fungere som "kjøterstatning" i former og gryter. Eg har til dømes laga ein vegetarlasagne ein gong, der er berre bytte ut kjøtet med kidneybønner. Var kjempegodt utan kjøt og.

Egg er også god proteinrik mat ein kan variere. Kokte egg er godt på skiva, og stundom kan nokre gode blingsar vere ein ok middag, særleg om ein har lite tid. Omelett kan ein lage i mange variantar, også utan kjøt (i mi "oppskrift" er det pølse, men det går fint an å sløyfe). Har du lite tid, og trang til mat som mettar godt kan du varme ein boks tomatbønner og ha eggerøre eller speilegg på toppen.

Også finst det suppe. Eg har berre lagt ut ei oppskrift på suppe enno, men har planar om å lage fleire. God grønsakssuppe kan du lage på buljongterningar (grønsaksbuljong om du er vegetarianar, men om du ikkje er det anbefalar eg kjøtbuljongen, eg tykkjer den er litt betre), skjer til dømes opp potet, gulrot, purre og selleri og kok med litt meir buljong enn det som står på pakken. Enkelt og godt. Dessutan finst det lapskausblanding i fryseavdelinga i butikken, men den brukar eg lite (det har hendt at eg har kokt lapskausblanding og silt av han for å bruke som tilbehør til fisk).

Wok og pastarettar går an å variere i nær sagt det uendelege. Wok er vanskeleg å mislukkast med. Ha i nøter eller egg for proteintilskot, og ha gjerne i grønnsaker du ikkje pleier å ha i. Vi nordmenn gløymer gjerne at kål er godt oppi, men det er det! Wokar du mykje er det lurt å kjøpe woksaus i større kvanta i ein innvandrarbutikk, det vert billigare enn å kjøpe dei små posane som finst på rema og rimi, men for all del, dei er gode og enkle, og du slepp å mixe sjølv. Eg kjenner asiatar som brukar slike posar sjølv. Pasta er godt med alt mogleg, berre ein har saus til. For eksempel spaghetti med halve cherrytomatar og pesto. Enklare vert det ikkje, dersom du kjøper pestoen i butikken. Eller du kan ha tomatsaus og ost på pastaen din.

Håpar dette kan vere til nytte og inspirasjon til dei som vil ha mindre eller ikkje kjøt. Det går an å stille spørsmål eller be om forslag og oppskrifter i kommentrfeltet, ikkje ver sjenerte, eg svarar når eg har tid. Eg set også pris på om nokon har forslag til meg!

mandag 12. juli 2010

Ovnssteikte poteter

Til lammekotelettane eg skreiv om i stad anbefalte eg ovnssteikte poteter, så eg tenkte eg skulle informere om korleis ein lagar slike på vellukka vis. Eg har diverre ikkje noko bilete nett no, men det får kome seinare. Og no har biletet kome. Seint, men godt.

Oppskrift:
Set steikeovnen på full guff.
Skjer opp så mange (vaska) poteter du vil ha i båtar. Eg deler potetene i seks.
Legg potetene i eldfast form eller langpanne. Så mange som råd med skalsida ned
Drypp raps- eller olivenolje over potetene. Dekk dei, men ikkje drukn dei. Det optimale er kanskje pensling, men det er i overkant pirkete for meg.
Stø over salt og hakka kvitløk.
Set potetene midt i ovnen, og skru varmen ned til 200°C.
Lat dei stå i 30-45 minutt. Dei er som regel ferdige når dei er gylne, men er du i tvil, ta ut ein potetbåt og smak på han (avkjøl først). Er han gyllen, men ikkje ferdig, skrur du varmen heilt ned og let potetene stå ei stund til.
Ovnssteikte poteter er godt til mange slags middagar, men kan også nytast som hovedrett med din favorittsalat til. Eg tek gjerne dulcitatomater og aioli som tilbehør.

Tips:

Poteter klistrar seg til former og panner, derfor kan det vere lurt å legge eit bakepapir under medan du steiker dei. Du kan ta det vekk før servering dersom du ikkje tykkjer det er så fint. Det vil lette oppvasken.

Poteter kan steikast i omn med ulike smakstilsetjingar. Eg likar t.d. litt sesamolje (drypp forsiktig litt på i tillegg til den andre olja) og sesamfrø, og eg kan tenkje meg at ulike nøtteoljer kan vere spanande smakstilsetjingar. Eg skal prøve å kome attende med rapport vedr. dette.

søndag 11. juli 2010

Gul suppe


Oppskrift på lettlaga gul og god suppe.
Du treng (1-2 personar):
1 løk
1 terning grønnsaksbuljong
Kvitløk og ingefær etter smak
4 gule paprika
Olje
Vatn
Salt
Sopp
Mandlar

Fjern frø og ymse anna rask frå paprikaen og
skjer han i bitar (ca 2x2 cm, det er ikkje så nøye). Skjer opp løken (bitane treng ikkje vere bittesmå)og surr han i litt olje i ein kasserolle. Han må ikkje bli brun. Saman med løken surrar du hakka kvitløk og litt riven ingefær (men vær forsiktig, har du i for mykje ingefær blir det lett til at suppa berre smakar av det. Eg tykkjer det er nok med ei teskei riven ingefær). Når løken er blank legg du paprikaen og buljongterningen i gryta og har i vatn til det står til midt på paprikaen. La det koke i 15-20 minuttar. Når paprikaen er litt mjuk kan du stavmikse suppa til ho er jamn og tilsetje salt i ønska mengde. Det er digg med mandlar i eller steikt sopp (eller begge deler).

Dette er ei suppe som er litt skalete, så dersom du er kjenslevar for paprikaskalbitar kan du flå paprikaen på førehand slik: Legg paprikaen i ovnen på 250°C til skalet er svart, ta dei ut og legg dei i ein lufttett pose (t.d. ziplock) i 15-20 minutt. Då skal det vere enkelt å trekke skalet av. Eg har ikkje prøvd sjølv, så eg kan ikkje garantere for den lekre fargen på suppa i så tilfelle. Dersom dette verkar som mykje arbeid går det også an å sile suppa til slutt. God middag (eller lunsj, kvelds, frukost eller noko)!