Viser innlegg med etiketten lågkarbo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lågkarbo. Vis alle innlegg

mandag 23. august 2010

Indonesiskinspirert kyllinggryte

Eg må berre orsake at eg er treig med postinga, men eg har hatt ferie, og dermed tid til å sysle med slikt som blogging, noko som sjølvsagt tyder at eg ikkje gjer noko av sorten. No har eg derimot ein travel haust framfor meg, og kjem sikkert til å kaste vekk tid på å dele matoppskrifter med dykk. I dag deler eg mi eigenkomponerte kyllinggryte, som er indonesiskinspirert. Inspirasjonen frå indonesia (eg har ikkje den minste peiling på det indonesiske kjøkken) består stor sett i nokre skeier med sataysaus.

Du treng (2 pers sånn ca?):

2 stk (300 g) kyllingfilét
1 løk
1 raud paprika
1 gul paprika
1 grøn paprika
2 nevar cashewnøter
1 pakke (trur dei er på ca 150 gram) sukkererter
1 ts gurkemeie
¼ - ½ ts chilipulver
Salt
½ dl matfløyte
4 ts sataysaus

Skjer kyllingfiléten i bitar, steik i gryte med olje og krydder. Ha oppi oppskoren løk, og paprika i bitar. Ha i sukkerertene og lat dei bli varme, medan du rører sataysausen ut i fløyten og slår dette over kylling/grønnsaksblandinga. Kok litt for å få tjukkare saus. Det er så kjapt og enkelt å lage dette, det er ein draum. Det er framifrå lågkarbomat, men dersom lågkarbo ikkje er noko for deg, kan du servere med ris til, eller ovnssteikte poteter som eg tykkjer passar til alt. Eg likar denne middagen godt, og lagar det ofte dersom eg finn kyllingfilet til ein rimeleg penge. For eksempel dersom han går ut på dato i morgon. Då er ikkje dette så kostbart å lage dersom du likevel har eit glas med satay ståande, det held seg i vekesvis etter opning.

mandag 2. august 2010

Form

Eg er visst ikkje så flink til å poste jamnt og trutt, men det er vel ikkje så farleg heller? Sidan eg var i det vegetariske hjørnet sist kan eg jo følge opp i dag med ein av mine absolutte favorittar. Det kan vere ein vegetarisk hovedrett, eller eit godt tilbehør til ein lågkarbomiddag. Dessutan kan du legge baconskiver oppå dei 10-15 siste minutta av steiketida, så har du eit digg måltid. Det er ikkje eigentleg så mykje ei oppskrift som eit forslag, men dette brukar iallefall eg:

1 blomkål
1 brokkoli
1 løk
1 kvitløk utan fedd
1 aubergine
1/2-1 liter tjukk, kvit saus

Skjer auberginen i tynne skiver, legg dei utover og ha salt på. Lag kvit saus. Skjer opp resten av grønnsakene i små bitar og hakk kvitløken. Tørk godt av aubergineskivene og steik dei lett brune. Legg blomkål, brokkoli, løk og kvitløk i ei høveleg form, legg aubergine oppå. Gjenta dette ein gong, så kan du slå over den kvite sausen (det blir ekstra godt med litt ost i sausen eller som topping) og setje i ovnen på 200°C i omlag ein halv time. På biletet er det ein baconvariant. Mmmm.

På engelsk har dei uttrykket "comfort food", som er mat til trøyst eller kos som er enkelt og greit å lage. Trur jammen eg skal innføre comfort food som etikett også. Eg tykkjer ei sik form kjem inn under omgrepet.

torsdag 15. juli 2010

Gurkemeiekylling med ovnssteikte grønsaker, salat og yoghurt- og tahinidressing



Mange trur at gurkemeie ikkje smakar noko spesielt eller godt. Eg er djupt ueinig i dette, og meinar at gurkemeie er eigna til langt meir enn å setje lekker farge på ris. Har du t.d. gurkemeie i steikepanna medan du steiker gønsaker eller kjøt, eller i gryta når du lagar suppe får du ein fin treaktig og søtleg aroma. Dessutan skal det vere så helsig med gurkemeie dersom ein et det kvar dag. Så eg vil gjerne slå eit slag for dette framifrå krydderet. Kyllingen er bitar av filet som eg steiker på steikepanna i litt smør, medan dei steiker hiv eg på gurkemeien og steiker ferdig kyllingbitane. Dette serverer eg med ovnssteikte grønnsaker, og du kan bruke dei du likar, dagen eg tok bileta hadde eg squash, jordskokk, paprika og cherrytomatar. I tillegg likar eg å lage ein dressing med tahini til salaten.

Du treng (2 personar):

Ovnssteikte grønsaker:
1 squash
2-3 små jordskokkar
ca 10 cherrytomatar
1 paprika
Olje
Salt
Sesamfrø

Gurkemeiekylling:
2 kyllingfiletar (300 gram)
1 1/2 ts gurkemeie
Litt smør til steiking
Salt

Tahindressing:
4 ss matyoghurt
2 ss creme fraiche
3 fedd kvitløk
4 ts tahini (sesampasta, kan kjøpast på din lokale etnosjappe)

Salat

Slik gjer du:
Set steikeomnen på fullt og start med grønnsakene. Skrell squash og jorskokkar og skjer i skiver (squash ca 1 cm, jordskokk ca ein halv cm). Rens paprikaen og skjer han i slike bitar som du likar. legg alt dette i ei eldfast form eller langpanne saman med tomatar her og der. Drypp over litt olje og dryss over sesamfrø. Ikkje ha salt på før ovnen er varm og du kan setje grønnsakene inni. Dei kan stå i ovnen ca ein halv time, men hald eit auge med dei så dei ikkje vert for svidd. Medan grønnsakene steiker kan du lage dressing og salat. Hakk kvitløken og bland godt saman med deiandre ingrediensane til dressingen. Bland salatar du likar t.d. ymse bladsalatar, eller ta ei ferdig blanda utgåve du har kjøpt på butikken. Når det er ca 10 minutt igjen før grønsakene er ferdige skjer du opp kyllingfileten og steiker på steikepanne i smør med gurkemeie og litt salt. Når den er ferdig er maten klar til å nytast. Velbekomen.

onsdag 14. juli 2010

Bondeomelett

I dag tek med noko lettvint til middag, sidan sola skin og det er varmt og me helst vil vere ute. Eg vil ikkje skrive noko om kva du treng til bondeomelett, fordi eg alltid lagar han etter "det eg har i kjøleskåpet"prinsippet. Men du må sjølvsagt ha egg.

I dag hadde eg (2 pers.)

Egg (4-5 stk)
Løk (1 stk)
Cherrytomat (ca 10 stk)
Paprika (1 stk)
Pølser (2-3 av wienerstorleik)
Spekeskinke (3 skiver)
Creme fraiche (1 god ss)
Litt ost (ca 2 nevar riven)
Smør (ca 1 ss)
Salt (1 ts)

Slik gjer du:

Pisk egga og creme fraiche til dei er ei jamn røre. Skjer opp løken i små bitar. Gjer det samme med pølsene, paprikaen, spekeskinka og tomatane. Ta fram ei stor steikepanne og steik løk og pølser på middels varme til løken er blank. Så har du oppi spekeskinke, tomatar og paprika. Bland alt, så kan du ha over eggeblandinga. Strø osten over, legg lok over, skru plata ned til 1, og vent i ca 20 minutt, og vips, så har du god middag. Eg ville gjerne hatt salat og brød til, men i dag hadde vi ingen salat, og brød et eg ikkje. Andre ting som er godt å ha i: Kokte poteter, vårløk, sopp, skinke eller aubergine. Berre smak og fantasi set grenser.

mandag 12. juli 2010

Greske lammekotelettar


Du treng:
Så mange lammekotelettar du har lyst på, mellom 5 og 10 stk( men dersom du til dømes berre vil ha to, må du sjølvsagt lage mindre osteblanding).
100 gram fetaost eller Philadephia naturell
1 ss mjukt smør
1 neve riven gulost
Så mykje kvitløk du vil ha (eg tek 1/2-1 kvitløk utan fedd)
Tomatar (Eg brukar ca 1 pakke cherry- eller dulcitatomatar)
Vårløk
Salt
Pepar
Oregano eller salvie (tørka)

Bland smør og feta/Philadelphia godt (jamn krem). Ha i kvitløk, gjerne pressa, eg har lite til overs for sossekokkane som meinar at kvitløkspressa berre kan hivast. Bland så inn den rivne osten (sjølv likar eg Jarlsberg). Steik lammekotelettane i 2-3 minutt på steikepanne, før du legg dei over i eldfast form eller langpanne, og strø over litt salt, pepar og oregano eller salvie. Legg tomatar rundt omkring, og legg osteblandinga over kotelettane i passe store klattar. Steik i ovn 5 minuttar på 250°C. Klipp litt vårløk over til slutt. Server med salat og gjerne ovnssteikte poteter. God appetitt!