Viser innlegg med etiketten gresk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gresk. Vis alle innlegg

torsdag 22. juli 2010

Moussaka!

Denne laurdagskos-middagen er ein av mine favorittrettar. Han vert laga på litt forskjellige måtar, og dette er min. Eg serverer tzatziki, brød, smør og salat til. Dessutan brukar eg både potet og aubergine, for eg elskar begge deler. Tzatzikien må du lage sjølv, og ikkje kjøpe noko ferdiglaga drit som smakar majones.

Du treng:

Moussaka

600-700 gram kjøtdeig av lam/sau
2 boksar hermetiske tomatar
1 boks tomatpure
2 løk
1 kvitløk utan fedd
1 Aubergin
4 poteter
1 kanelstang
1 teskei sukker
salt
olje

(til kvit saus)
200 gram riven ost
smør
mjøl
mjølk

Tzatziki:

3 dl matyoghurt
1 kvitløk utan fedd
1 agurk
salt

Slik gjer eg:
Det aller første som må gjerast er å skjere auberginen i tynne (ca 5 mm)skiver, legge dei på ei fjøl eller noko, og salte dei. Der får dei ligge i fred ein halvtimes tid for å trekke ut vatn og bitterstoff.

Eg steiker kjøtdeigen på steikepanne og set han til side medan eg surrar løken som eg har skore i små bitar i litt olje saman med kvitløken. Så har eg oppi dei hermetiske tomatane og tomatpureen, kjøtet, kanelstanga, sukkeret (ha alltid litt sukker i tomatmat for å balansere syra i tomatane) og litt salt (men ikkje for mykje, hugs at auberginen har fått ein del salt på seg). Eg blandar alt godt, og let blandinga kvile seg på låg varme medan eg gjer andre ting.

Så lagar eg tjukk, kvit saus. Det er noko eg alltid gjer på slump, så eg kan vanskeleg gi mengdemål, men det blir vel gjerne ein 7-8 dl saus. Instruksjonar til korleis ein lagar kvit saus finn du her. Men lag han tjukkare enn kva ho her gjer, det får du til ved å ha tjukkare smør og mjølblanding. Så tek eg i osten, minst 200 gram, men gjerne meir. Det er berre samvitet mitt som begrensar mengda ost.

Det neste eg gjer er å skrelle og skjere potetene i tynne skiver, så er det tid for å steike aubergine. Tørk først av vatnet, og varm ei steikepanne (ganske varm). Ta litt olje i og steik aubergineskivene så dei er litt brune på kvar side. Då er det klart for å legge maten i form. Først legg eg eit lag med kjøttsaus i botn. Hugs å fiske ut kanelstanga. Oppå sausen legg eg eit lag med poteter. Så legg eg på eit nytt lag med kjøttsaus, og legg dei steikte auberginene oppå. Til slutt har eg ostesausen over på topp. Steik i omnen på 180°C i 45 minutt.

Tzatziki er lett å lage, det er vanleg å ha i andre krydder og, men eg likar den sterke kvitløkssmaken som er i denne varianten.

Riv agurken på eit rivjern, og strø salt på for å trekke ut væska. Legg agurken i ein sil. Press kvitløken og bland i yoghurten. Det er viktig å bryke matyoghurt eller gresk/tyrkisk yoghurt, dersom du brukar vanleg yoghurt naturell vert dressingen altfor rennande. Press resten av vatnet ut av agurken og bland med resten. Som sagt serverer eg med brød, smør og salat. Og dette er mat til mange, ca 6 pers. Og de vil alle stinke i morgon.

mandag 12. juli 2010

Greske lammekotelettar


Du treng:
Så mange lammekotelettar du har lyst på, mellom 5 og 10 stk( men dersom du til dømes berre vil ha to, må du sjølvsagt lage mindre osteblanding).
100 gram fetaost eller Philadephia naturell
1 ss mjukt smør
1 neve riven gulost
Så mykje kvitløk du vil ha (eg tek 1/2-1 kvitløk utan fedd)
Tomatar (Eg brukar ca 1 pakke cherry- eller dulcitatomatar)
Vårløk
Salt
Pepar
Oregano eller salvie (tørka)

Bland smør og feta/Philadelphia godt (jamn krem). Ha i kvitløk, gjerne pressa, eg har lite til overs for sossekokkane som meinar at kvitløkspressa berre kan hivast. Bland så inn den rivne osten (sjølv likar eg Jarlsberg). Steik lammekotelettane i 2-3 minutt på steikepanne, før du legg dei over i eldfast form eller langpanne, og strø over litt salt, pepar og oregano eller salvie. Legg tomatar rundt omkring, og legg osteblandinga over kotelettane i passe store klattar. Steik i ovn 5 minuttar på 250°C. Klipp litt vårløk over til slutt. Server med salat og gjerne ovnssteikte poteter. God appetitt!