Eg kjenner til folk som ikkje kan lage lapskaus. Dette er jo heilt hårreisande, tenk -det er jo så enkelt, og så godt. Det tek litt tid, rett nok, men det er absolutt verd å bruke ein halvtime av tida si på. I dag hadde eg ikkje planlagt å lage lapskaus, og hadde ikkje teke opp kraft frå frysen, men eg tykkjer det er godt med buljongkraft og, så i dag brukte eg dette:
7 poteter
1/2 kg sellerirot
5 gulrøter
1 diger purre
400 g middagspølse (den billige, frå rema)
3 buljongterningar
1/2 liter vatn
Skjer opp poteter, og legg dei på botn av ei stor gryte saman med buljongen. Skjer opp det andre, og legg det oppi gryta (eg legg purren på topp, men det har truleg ikkje noko å seie). Slå over vatnet, og kok på middels varme i ein knapp time. Når lapskausen har fått din favorittkonsistens nærmar det seg servering. Skjer opp pølsa og ha den i mot slutten av koketida. Dersom du har pølsa i i byrjinga vil den bli