Det gjort er det på tide å skrive noko om mat, sidan det er det eg syslar med her. Med meg frå Spania har eg iberiaskinke, safran og manchegoost og litt fleire fine matar som trøffel, foie gras av and (betre enn av gås, spør du meg) og chorizo og nokre fleire skinkesortar. Eg gledar meg naturlegvis til å ete og bruke av den luksuriøse maten, men det eg tenkte å skrive om i dag er maten vi fekk servert på restaurant i Barcelona. Eg tok nokre bilete, men av og til gløymte eg det. Det gjer i grunnen ingenting, for det er no kanskje litt begrensa kor spanande det er å sjå eit bilete av mørbradbiff med friterte poteter, tapenade og ein steikt tomat, uansett kor perfekt steikt han var.
Eg veit ikkje så all verdas om spansk mattradisjon, anna enn at dei har god skinke og tapas, produserer olivenolje og vin, slikt som som alle veit. Men vi fekk ei lita innføring i måltidsskikkar av guiden/læraren, så eg kan fortelje litt av dette. Diverre fekk eg ikkje med meg om dette gjaldt spanjolane generelt eller berre katalanarane, men pytt.
Frukost:
Læraren sa at frukost ikkje var særleg til måltid i Spania, men at ei stort sett tek med seg noko frå ein kiosk eller eit bakeri i handa på veg til jobb. Men vi fann ut at det fanst kafear der folk sette seg ned for å ete frukost. Ein stad vi åt hadde dei sandwichmeny der det sto mellom anna "kalvemuffin". Kalvemuffinen var eit slags stort rundstykke med ei skive steikt kalvefilet inni, med noko tapenade på. Det var godt, men ikkje det eg tenkjer på som ein typisk frukostrett. Meir ein lunsj, trur eg. Konsumerte med kaffi.
Lunsj:
Heiter siesta, og varar i to-tre timar(!). Lunsjen vert
fortært på kafe, og er gjerne tre rettar (!). Vi åt ein slik trerettars lunsj kvar dag i løpet av opphaldet, og det var her vi fekk servert mest mystisk og godt. Av og til ufyseleg, som denne suppa som var forrett til ein keisam svinesteik med pommes frites utan saus (dei hadde heldigvis ketchup). Suppa var spaghettibitar kokt lenge i tynn hønsebuljong, med nokre smaklause skinkebitar og litt egg.
Ein annan dag fekk eg servert ei slags sjømat- og potetform, men den var kald og det trekte ned. Forretten til denne var ei litt keisam kokossuppe. Den fekk meg til å ville lage ei litt meir spenstig kokossuppe sjølv, så det er berre å følge med, når eg har eksperimentert litt kjem det nok ei oppskrift.
Det snodigaste eg åt på turen var nok den særeigne varianten av surf & turf siste dagen vi skulle sove der. Nemleg kaningryte med sniglar. Eg valde denne frå menyen fordi eg likar både kanin og snigle og fordi det var den raraste kombinasjonen eg har sett på ein restaurantmeny nokon gong. Men det var godt, absolutt, sjølv om eg ikkje nett kjem til å snikre denne retten i mitt eige kjøken.
Middag:
Middagen vert stort sett konsumert heime ganske seint på kvelden. Det er etter jobb (dei er sjølvsagt seint ferdige med så sein lunsj), før middag at spanjolane et tapas. Den fungerer som visstnok som ein apetittvekkar før middag, og vert eten med eit glas vin eller ein øl på tapasbar. Tapasen kan vere eit stykke skinke, litt ost eller oliven eller noko sjømat og så vidare. Spanjolane går gjerne ein liten barrunde og et tapas og drikk, men som turistar vil vi gjerne sitje på vår breie bak og ete i fred og ro. Vi prøvde å ete tapas som eit middagsmåltid ein kveld, og det var godt og vi vart mette, men det var jo eit helvete å få delt rekninga.
No giddar eg ikkje skrive meir, html-kodinga tek knekken på meg, men eg kjem attende med oppskifter ein annan dag. Hej så länge.
Morsomt at du har lagt ut om spansk mat. Mye variert vi fikk servert altså! Haha, måltidet ditt med suppe, svinestek og kaffe så heller dårlig ut. Den restauranten var ikke helt super akkurat.
SvarSlettDu skriver fantastisk Astrid!!! Gleder meg til nye oppskrifter!! ;=)
SvarSlettNå trenger jeg litt tips til julekaker. Synes at mange julekaker er så kjedelige, har du noen freshe kaker å friste med? :)
SvarSlettDet har eg, og eg kjem attende til det når eg ikkje har det så travelt lenger. No står det på hovudet, men snart skal det feirast Jol med stor J
SvarSlett