onsdag 22. desember 2010

Fett! Delfiakake!

Det er jol berre ein gong i året, så kvifor ikkje unne seg ei kaloribombe av dimensjonar? Delfiakake er ein joleklassikar, og den klart feitaste kaka eg veit om. Enkel å lage er ho og.

Du treng:

2 plater kokesjokolade
1 pakke Delfiafeitt
Kakekjeks som t.d. Per-kjeks
2 egg
2 ss sukker
4 ss sterk kaffi
Geletoppar, seigmenn eller liknande

Smelt sjokoladen i kaffien. Visp eggedosis av egg og sukker. Smelt feittet. Ha sjokoladen i eggedosisen medan du vispar. Ha forsiktig i feittet medan du framleis vispar. No har du ferdig kakerøre. Legg røra lagvis med kjeks og legg seigmenn og geletoppar rundt om kring i kaka. På toppen har du seigmenn og geletoppar, så let du kaka stivne. No er du klar for å legge på deg.

2 kommentarer:

  1. men er delfiakake godt? Derom strides dei lærde. Eller kanskje eg heller skal sei rett ut at derom meiner eg, som ikkje er så lærd, nei!

    SvarSlett
  2. Tja, er delfikake godt? Mange likar det og mange likar det ikkje. Eg likar best tanken på delfiakake. Eg gav vekk størsteparten av kaka til far min som elskar søtsaker, men sparte ein liten bit til meg og Mannen. Den ligg framleis i kjøleskåpet, men eg skar av eit lite hjørne som eg åt i helga fordi eg var så grasalt snopesjuk. Så eg er verken einig eller ueinig med deg, nebbhøne.

    SvarSlett