tirsdag 21. desember 2010

Marsipan!

Til jol høyrer det sjølvsagt snop med, og marsipan er jo ein klassikar. Heimelaga marsipan eignar seg dårleg til å lage figurar av eller ha på kake, men til gjengjeld eignar han seg framifrå til å ete. I fjor sa far min at marsipanen eg hadde laga til jol var "den beste marsipanen han hadde smakt nokon gong". Dette seier litt, for far min elskar marsipan meir enn byfolk elskar hyttene sine (dette med at byfolk elskar hyttene sine er noko far min seier. Han meinar at byfolk elskar hyttene sine, og at dei dreg dit i helgene for å drikke).

Nuvel. Å lage marsipan er enkelt. Det tek litt tid, men det er verkeleg ikkje vanskeleg. Det første ein må gjere er å skålde mandlar. Det gjer ein ved å koke mandlane i (drøyt) 5 minutt. Så slår du vatnet av og gnir skalet av med fingrane. Så skal mandlane tørke, la dei gjerne ligge til dagen etter (eg sa jo at dette tok tid). I mellomtida kan du lese denne digresjonen: For å sjekke eg ikkje skreiv noko feil vedrørande skålding av mandlar tok eg og googla det med søkeorda "skålde mandler". Og trur du ikkje google er så frekk at han (?) spør meg om eg meinar "skolde mandler"? Nei sjølvsagt meinar eg ikkje det, men eg måtte sjekke lenka, og jaggu var det mange treff på "skolde mandler", du. Men "skolde" er ikkje eit ord. For å vere på den sikre sida sjekka eg både norsk- og bokmålsordlista, og det heiter "skålde" på begge målføre gitt. Eg kjenner på meg at folk er kørka. Men uansett; jævlig frekt av google å insinere at eg er den som skriv feil. Ikkje at eg skriv perfekt, det finst sikkert skrivefeil som ikkje er tastaturbaserte i denne bloggen og, men skolde? Jaja, tilbake til marsipanen. Det er ikkje mange ingrediensar.

Mandlar
Melis
Eggekvite
Tragant

Bruk like deler mandlar og melis. Til dømes 250 gram mandlar og 250 gram melis. Mal dei skålda mandlane i mandelkvern. Best resultat får du om du gjer dette to gonger, altså mal den oppmalte massen. Bland saman malte mandlar og melis, og ein knivsodd tragant. Tragant er eit naturleg gummistoff (pulver) ein har i for at marsipanen skal bli litt seig. Du får kjøpt det på apoteket og det kostar 50 kroner og varar evig. Med mindre du lagar marsipan veldig ofte då, men det er det ikkje så mange som gjer. Ha i eggekvite. Prøv deg fram, det trengst mindre enn du trur. Eg trur brukte ei kvite sist, men kan hende treng du mindre eller meir. Arbeid inn eggekvite til du har rett konsistens, og voila -du har marsipan. Den kan smakssetjast med det du likar. Då vert han gjerne veldig klissete. Eg likar sitrusskal eller konjakk og dyppa i sjokolade. Når du smeltar sjokolade må du passe på at han ikkje vert for varm og at du ikkje får vatn i, for då vert han kornete. Du kan ha litt delfiafeitt i smeltinga for at sjokoladen skal verte lettare å jobbe med. Marsipanen kan sjølvsagt også nytast naturell. Mmmm. Ein gong laga eg forresten marsipan med Splenda. Det gjekk an, men vart sjølvsagt ikkje like godt som med sukker.

2 kommentarer:

  1. Dette er den kjekkaste bloggposten eg har lese på veldig lenge. Godt! Men kva er splenda?

    SvarSlett
  2. Splenda er eit kunstig søtingsmiddel av sukralose, og vert sagt å vere det mest sukkersmakande syntetiske søtingsmiddelet, men det er det vel delte meiningar om. 1 dl Splenda kan nyttast som ein dl sukker, eller 10 g Splenda kan nyttast som 100 g sukker. Men eg anbefalar melis av sukker til marsipan, eigentleg. No oppdaga eg også skrivefeil (tastaturbasert, men dog) i utfallet mot feilstaving. Eg giddar ikkje rette det, men eg meinar insinuere.

    SvarSlett