tirsdag 3. august 2010

Muffins


Ja, av og til må ein jo ha litt søtsaker også. Dersom eg skal lage noko godt til mange, som til dømes ein skuleklasse, lagar eg eit par omgangar med kryddermuffins, som eg pyntar med melisglasur og nonstop. Dersom eg skal lage noko godt til kaffien etter eit middagsbesøk held det med ein omgang, men då får muffinsane meir og flottare garnityr.

Til ca 25 muffins

100 g smør
2 dl sukker
2 egg
4 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kanel
1 ts kardemomme
1/2 ts nellik

Rør smør og sukker kvitt (smøret må vere mjukt, men ikkje smelta), det går fort med ein handmiksar. Rør i eitt egg i slengen. Bland alt det tørre for seg, og ha det i vekelvis med mjølk. Rør inn kvar gong du har i noko. Ha røra i små muffinsformer, og stei på 175°C i 12-15 minutt.

Når muffinsane er avkjølt kan du pynte dei. På biletet er det muffins eg laga til ein fest, og dei har fekk ostekrem med raud konditorfarge på seg og sukkerblomar eller sølvkuler.

Ostekremen er omlag sånn:

1 boks philadelphia naturell
50 g mjukt smør
200 g melis
Konditorfarge

Bland ingrediensane godt, og ha kremen på muffinsane, og dekorer. Du kan variere med dei samkstilsetjingane du vil, du berre byter ut krydderet med til dømes ei smalta sjokoladeplate du rører inn til slutt, eller malen ingefær, som passar godt med sitron (skal+saft). Du kan ha rosiner i, eller sjokoladebitar. Ta det du likar best. Du kan også ha røra i ei godt smurt brødform og få formkake. Då aukar steiketida til tre kvarter, men bruk ei kakenål, strikkepinne eller noko for å sjekke at kaka er gjennomsteikt.

2 kommentarer:

  1. ein svært inspirerande blogg! Særleg den gule suppa har eg stor tru på.

    SvarSlett
  2. Så kjekt at nokon les om maten eg lagar! Etterkvart kjem det supper i fleire fargar, følg med, følg med!

    SvarSlett