1/2 kg kjøtdeig av sau/lam
1 kg poteter som eignar seg til potetstappe
1 stor løk
1 stor gulrot
1 1/2 dl raudvin
3 dl kraft/buljong (ikkje for salt)
1-2 ss kveitemjøl
Mjølk, smør, fløyte eller kva du no føretrekk i potetstappa di
Salt til potetstappa
Litt ost
Erter
Kok potetene og lag potetstappe slik du likar. Ikkje bruk potetstappepulver. Steik
kjøtdeigen og ha i riven gulrot og hakka løk. Slå feittet av kjøtdeigen og set tilbake på plata. Slå over raudvinen og kok inn. Dryss over kveitemjølet og hell over buljongen. Rør og kok inn slik at det vert tjukk saus av det. Legg eit tynt lag potetstappe i forma og legg kjøttfyllet oppå. Ha resten av potetstappa oppå og dryss litt ost over. Prikk det øverste laget med ein gaffel for å unngå at fyllet tyt opp som på biletet, som eg tok då eg hadde gløymt å prikke paien.Ja, då har eg endeleg fått opp eit bilete av min eigen shepherd's pie, og eg må jo medgi at han ikkje er verdas penaste pie. Men god, det var han (hugs å prikke)!
Eg hadde visst gløymt å skrive temperatur til gratinering her. Det skal vere 200°C i omlag 20 minutt.
Denne skal eg lage ein kveld.
SvarSlettEg óg.
SvarSlettVi har også lyst til å smake! Den høres god ut:) Hilsen Susanne og Astri
SvarSlett