mandag 12. juli 2010

Greske lammekotelettar


Du treng:
Så mange lammekotelettar du har lyst på, mellom 5 og 10 stk( men dersom du til dømes berre vil ha to, må du sjølvsagt lage mindre osteblanding).
100 gram fetaost eller Philadephia naturell
1 ss mjukt smør
1 neve riven gulost
Så mykje kvitløk du vil ha (eg tek 1/2-1 kvitløk utan fedd)
Tomatar (Eg brukar ca 1 pakke cherry- eller dulcitatomatar)
Vårløk
Salt
Pepar
Oregano eller salvie (tørka)

Bland smør og feta/Philadelphia godt (jamn krem). Ha i kvitløk, gjerne pressa, eg har lite til overs for sossekokkane som meinar at kvitløkspressa berre kan hivast. Bland så inn den rivne osten (sjølv likar eg Jarlsberg). Steik lammekotelettane i 2-3 minutt på steikepanne, før du legg dei over i eldfast form eller langpanne, og strø over litt salt, pepar og oregano eller salvie. Legg tomatar rundt omkring, og legg osteblandinga over kotelettane i passe store klattar. Steik i ovn 5 minuttar på 250°C. Klipp litt vårløk over til slutt. Server med salat og gjerne ovnssteikte poteter. God appetitt!

2 kommentarer:

  1. Det med kvitløkspressa var det den norske kokken Trond Moi som sa, trur eg i eit matlagingsprogram, men no driv eg og ser 5. sesong av "the f word", og Gordon Ramsay som har motteke ein haug michelinstjerner, brukar kvitløkspressa flittig. Er det godt nok for han er det faen meg godt nok for meg og

    SvarSlett
  2. Denne har jeg også laget!! Fantastisk godt

    SvarSlett