søndag 11. juli 2010

Gul suppe


Oppskrift på lettlaga gul og god suppe.
Du treng (1-2 personar):
1 løk
1 terning grønnsaksbuljong
Kvitløk og ingefær etter smak
4 gule paprika
Olje
Vatn
Salt
Sopp
Mandlar

Fjern frø og ymse anna rask frå paprikaen og
skjer han i bitar (ca 2x2 cm, det er ikkje så nøye). Skjer opp løken (bitane treng ikkje vere bittesmå)og surr han i litt olje i ein kasserolle. Han må ikkje bli brun. Saman med løken surrar du hakka kvitløk og litt riven ingefær (men vær forsiktig, har du i for mykje ingefær blir det lett til at suppa berre smakar av det. Eg tykkjer det er nok med ei teskei riven ingefær). Når løken er blank legg du paprikaen og buljongterningen i gryta og har i vatn til det står til midt på paprikaen. La det koke i 15-20 minuttar. Når paprikaen er litt mjuk kan du stavmikse suppa til ho er jamn og tilsetje salt i ønska mengde. Det er digg med mandlar i eller steikt sopp (eller begge deler).

Dette er ei suppe som er litt skalete, så dersom du er kjenslevar for paprikaskalbitar kan du flå paprikaen på førehand slik: Legg paprikaen i ovnen på 250°C til skalet er svart, ta dei ut og legg dei i ein lufttett pose (t.d. ziplock) i 15-20 minutt. Då skal det vere enkelt å trekke skalet av. Eg har ikkje prøvd sjølv, så eg kan ikkje garantere for den lekre fargen på suppa i så tilfelle. Dersom dette verkar som mykje arbeid går det også an å sile suppa til slutt. God middag (eller lunsj, kvelds, frukost eller noko)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar