torsdag 15. juli 2010

Gurkemeiekylling med ovnssteikte grønsaker, salat og yoghurt- og tahinidressing



Mange trur at gurkemeie ikkje smakar noko spesielt eller godt. Eg er djupt ueinig i dette, og meinar at gurkemeie er eigna til langt meir enn å setje lekker farge på ris. Har du t.d. gurkemeie i steikepanna medan du steiker gønsaker eller kjøt, eller i gryta når du lagar suppe får du ein fin treaktig og søtleg aroma. Dessutan skal det vere så helsig med gurkemeie dersom ein et det kvar dag. Så eg vil gjerne slå eit slag for dette framifrå krydderet. Kyllingen er bitar av filet som eg steiker på steikepanna i litt smør, medan dei steiker hiv eg på gurkemeien og steiker ferdig kyllingbitane. Dette serverer eg med ovnssteikte grønnsaker, og du kan bruke dei du likar, dagen eg tok bileta hadde eg squash, jordskokk, paprika og cherrytomatar. I tillegg likar eg å lage ein dressing med tahini til salaten.

Du treng (2 personar):

Ovnssteikte grønsaker:
1 squash
2-3 små jordskokkar
ca 10 cherrytomatar
1 paprika
Olje
Salt
Sesamfrø

Gurkemeiekylling:
2 kyllingfiletar (300 gram)
1 1/2 ts gurkemeie
Litt smør til steiking
Salt

Tahindressing:
4 ss matyoghurt
2 ss creme fraiche
3 fedd kvitløk
4 ts tahini (sesampasta, kan kjøpast på din lokale etnosjappe)

Salat

Slik gjer du:
Set steikeomnen på fullt og start med grønnsakene. Skrell squash og jorskokkar og skjer i skiver (squash ca 1 cm, jordskokk ca ein halv cm). Rens paprikaen og skjer han i slike bitar som du likar. legg alt dette i ei eldfast form eller langpanne saman med tomatar her og der. Drypp over litt olje og dryss over sesamfrø. Ikkje ha salt på før ovnen er varm og du kan setje grønnsakene inni. Dei kan stå i ovnen ca ein halv time, men hald eit auge med dei så dei ikkje vert for svidd. Medan grønnsakene steiker kan du lage dressing og salat. Hakk kvitløken og bland godt saman med deiandre ingrediensane til dressingen. Bland salatar du likar t.d. ymse bladsalatar, eller ta ei ferdig blanda utgåve du har kjøpt på butikken. Når det er ca 10 minutt igjen før grønsakene er ferdige skjer du opp kyllingfileten og steiker på steikepanne i smør med gurkemeie og litt salt. Når den er ferdig er maten klar til å nytast. Velbekomen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar