lørdag 24. juli 2010

Vegetarmat, eit variert kosthald.

Då eg snakka med ei veninne her ein dag, sa ho at ho gjerne ville kutte ned på kjøtforbruket, men at ho hadde vanskar med å variere kosten nok. Dersom ein gjerne vil ete vegetarisk er det ein fordel å vere kreativ på kjøkenet, men det kan vere ei god løysing å skaffe seg nokre vegetarkokebøker (dersom du alt har ei eller fleire asiatiske kokebøker bør du også kunne finne vegetaroppskrifter der, ettersom mange menneske i Asia er vegetarianarar av religiøse grunnar). Likevel skal eg prøve å kome med forslag til god og variert vegetarkost dei dagane ein ikkje et kjøt eller sjømat, eller til dei som er vegetarianarar. Eit tips er å lage tilbehør til kjøtmat utan kjøtmaten. Tenk for eksempel kjøttkaker, ein har gjerne erte- eller kålstuing, poteter, saus og tyttebærsyltetøy til. Eg hadde lett ete kålstuing som hovedrett. Dersom du tykkjer det er lite mettande kan du putte kokt makaroni i. For eksempel.

Å finne varierte grønsaker og prøve ut ymse tillagingsmetodar er lurt, du kan få deg ein ny favorittgrønnsak eller -rett. Ta for eksempel tilbehøret til gurkemeiekyllingen, det funkar fint som hovedrett i eit vegetarisk alternativ, og framgangsmåten kan du bruke på ulike grønnsaker. Gå i butikkar som har stort utval eller er drivne av innvandrarar, ver modig og prøv ut noko du ikkje har prøvd før.

Hugs at det finst bønner og linser, desse er proteinrike plantar som held deg mett lenge. Bønner kan fungere som "kjøterstatning" i former og gryter. Eg har til dømes laga ein vegetarlasagne ein gong, der er berre bytte ut kjøtet med kidneybønner. Var kjempegodt utan kjøt og.

Egg er også god proteinrik mat ein kan variere. Kokte egg er godt på skiva, og stundom kan nokre gode blingsar vere ein ok middag, særleg om ein har lite tid. Omelett kan ein lage i mange variantar, også utan kjøt (i mi "oppskrift" er det pølse, men det går fint an å sløyfe). Har du lite tid, og trang til mat som mettar godt kan du varme ein boks tomatbønner og ha eggerøre eller speilegg på toppen.

Også finst det suppe. Eg har berre lagt ut ei oppskrift på suppe enno, men har planar om å lage fleire. God grønsakssuppe kan du lage på buljongterningar (grønsaksbuljong om du er vegetarianar, men om du ikkje er det anbefalar eg kjøtbuljongen, eg tykkjer den er litt betre), skjer til dømes opp potet, gulrot, purre og selleri og kok med litt meir buljong enn det som står på pakken. Enkelt og godt. Dessutan finst det lapskausblanding i fryseavdelinga i butikken, men den brukar eg lite (det har hendt at eg har kokt lapskausblanding og silt av han for å bruke som tilbehør til fisk).

Wok og pastarettar går an å variere i nær sagt det uendelege. Wok er vanskeleg å mislukkast med. Ha i nøter eller egg for proteintilskot, og ha gjerne i grønnsaker du ikkje pleier å ha i. Vi nordmenn gløymer gjerne at kål er godt oppi, men det er det! Wokar du mykje er det lurt å kjøpe woksaus i større kvanta i ein innvandrarbutikk, det vert billigare enn å kjøpe dei små posane som finst på rema og rimi, men for all del, dei er gode og enkle, og du slepp å mixe sjølv. Eg kjenner asiatar som brukar slike posar sjølv. Pasta er godt med alt mogleg, berre ein har saus til. For eksempel spaghetti med halve cherrytomatar og pesto. Enklare vert det ikkje, dersom du kjøper pestoen i butikken. Eller du kan ha tomatsaus og ost på pastaen din.

Håpar dette kan vere til nytte og inspirasjon til dei som vil ha mindre eller ikkje kjøt. Det går an å stille spørsmål eller be om forslag og oppskrifter i kommentrfeltet, ikkje ver sjenerte, eg svarar når eg har tid. Eg set også pris på om nokon har forslag til meg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar